Seinfeld sesong 4

24 episodar.

Seinfeld season 4Her begynnar Seinfeld å ta litt meir form. Eg har ingenting å utsette på dei tidlegare episodane, men denne sesongen har tilført meir samanheng enn tidlegare. Gjesterollar blir introdusert i ein episode, for så å dukke opp igjen i fleire utover. For dei som er kjent med serien, så kan eg nemne rollefigurar som Susan, Russell og Crazy Joe Davola. Dette er og sesongen der George og Jerry jobbar for å få TV-serien på lufta, og resultatet blir elegant vist fram i den siste (dobbel)episoden av sesongen.

Tredje sesong synte teikn til å verte meir samanhengande, men i denne sesongen har dei komme så langt at det blir vanskeleg å stoppe å følge med på. Likevel har dei bevart sjarmen og enkeltheiten ved kvar episode som ein eigen einheit. Ein perfekt balanse vil eg påstå.

Publisert 6. juni 2006 kl. 23:12 i TV Ferdig merka som , , .

Skriv ein kommentar