24 episodar.
«Seinfeld» blir berre betre og betre. Den sjette sesongen klarar fint å blande nye vitsar med korte med effektive referansar til tidlegare episodar. Kramer ser ut til å spele ei større rolle, og det same med Elaine. Kan dette stemme eller er det berre noko eg innbillar meg?
For ein som ikkje fekk med seg at George var/er eit alter ego for manusforfattar og produsent Larry David, har det gått opp eit lys om at denne serien har eit mykje større potensiale enn å berre bli sett på som vanleg sit-com, om ein kobimnerar det med ekstra lesestoff og kanskje ein serie som «Curb Your Enthusiasm», viss underteikna har til gode å sjå meir enn ein enkel episode av.
Etter Ã¥ ha sett i underkant av 110 episodar av denne serien ser eg framleis fram til Ã¥ sjÃ¥ meir. Sett opp mot «That ’70s Show» som hoppa over haien etter den femte sesong, sÃ¥ augna eg hÃ¥p her. Rykter skal ha det til at dei har gÃ¥tt litt for langt i sesongfinalen til sesong sju av Seinfeld, men det gjenstÃ¥r Ã¥ sjÃ¥, eg er ikkje den hardaste kritikaren nÃ¥r det kjem til TV-seriar. Eg er derimot meir spent pÃ¥ om eg vil merke ein kvalitetsforskjell i henholdsvis den 8. og 9. sesongen, men det er endÃ¥ langt fram i tid til dei kjem pÃ¥ DVD.
