22 episodar.
Larry David er ute av bilde som bakmann, noko som fører til at Jerry Seinfeld har meir å sei ovafor retninga episodane tek. Kort sagt betyr det at serien er blitt meir surrealistisk og komisk. Etter sju sesongar er dette akkurat det som trengs for å halde underholdninga frisk.
Sjølv om første episode gjorde meg skeptisk er denne sesongen ingenting å utsette på, men står heller for nokon av dei artigaste enkeltscenene. Deler av samanhengane er vanskeleg å sluke, men slik har det alltid vore, til ei viss grad. Greia er at «Seinfeld» forblir god, og eg ventar med glede på den siste sesongen (som kjem på dvd i november).
