Ikkje alle filmar kan halde stand ved eit gjensyn, gudebilde av «Serenity» rakna smått for meg vel to år etter første møte. Den gongen kom eg rett frå «Firefly», men med tida har den brune frakken falma og det bar altså gjensynet med «Serenity» preg av. Tolk meg ikkje feil, eg synst framleis det er ein storarta film, men la merke at mange ting gjekk meg hus forbi rett og slett fordi hukommelsesenteret tidlegare via til «Firefly» var noko redusert. Dette bunna ut i at enkelte deler til fordel for «Serenity» som film kunne ha blitt kutta ut eller gjort tydelegare for «vanlege folk». Men nok om det, for utan pirket er dette ein storveges actionprega scifi-western med sabla god humor, originalitet som det held, Nathan Fillion er og blir eit forbilde. Det blir berre ørlite for langdryge for utanforståande og senile brunfrakkar. Sjå «Firefly» først du, om du ønske ei fin stund!
