1992 og svart/kvit. Tonnevis med kjente skodespelarar i større og mindre rollar. Skoddefylt by, seriemordar, horer og sirkusfolk. På papiret har «Shadows And Fog» mykje for seg, på film er det ikkje fullt så engasjerande som det er lov å håpe på, likevel om Woody Allen held seg i tøylane og humoren handlar lite om nevrotikaren. Eg saknar den kalde kjensla av skodde og mordmysterie fange meg, men likar bilde og alt som har med kamera å gjere, måten kjente ansikt i birollar aldri tek stel fokuset frå filmen i heilheit. Skumlare film og meir spissfindig dialog hadde ikkje vore å fornekte.
