Shaun of the Dead (2004)

IMDb: 8.0/10 (109,229 votes)

Shaun of the DeadMitt forrige møte med «Shaun of the Dead» kom for tidleg. Før eg hadde fått sett slike klassiske zombiefilmar den parodierte blei det ikkje store greiene. No omstilt og klar for å sjå dette på nytt gav eg meg i gong. Simon Pegg spelar ein litt distansert Shaun som blir meir distansert når dama slår opp. Parallellt med dette bryt ein epidemi ut; gatene flyt over av zombiar. Shaun, i si eiga verd, merka ikkje desse tilstandane før dei har blitt verkeleg alvorlege. I kamp for overlevinga blir det ispedd ein solid dose god, britisk, parodisk, humor, utøvd at eit spekter av Storbrittania sine mest morosame skodespelarar. At den tek heilt av vil eg ikkje påstå, sjølv om eg stilte med færre kort på handa forrige gong, fekk eg litt av den same skuffa kjensla no. Det er nok fordi forventingane til den blir bygd opp i skyene overalt. Nokre av sekvensane bygg på ein enkel form for humor som rett og slett ikkje slår an heller. Eg burde ha komme med spesifikke eksempel, men er dårleg på å hugse filmdetaljar over tid, så det blir med det generelle inntrykket.

8/10
Publisert 30. april 2007 kl. 11:49 i Alle, Comedy, Horror merka som , .

Skriv ein kommentar