Sidney Lumet og Al Pacino

Før «Gudfaren» og «Serpico» var Al Pacino eit lite kjent ansikt i filmverdenen, men med desse filmane tok han publikum med storm før han seinare gjekk tilbake til Francis Ford Coppola — «Gudfaren II» — og Sidney Lumet igjen etter det med «Dog Day Afternoon». Lat meg no halde meg til Lumet og stÃ¥ over Coppola for denne gong, dÃ¥ eg nyleg har sett «Serpico» og «Dog Day Afternoon».

Serpico«Serpico» og «Dog Day Afternoon» har mykje til felles. Begge filmane har Sidney Lumet som regissør, begge har Al Pacino i hovudrolla, begge er basert på sanne historiar og begge fekk Pacino nominert for Oscar for beste hovudrolle. Når det kjem til handlinga er derimot filmane natt og dag. «Serpico» som kom i 1973 handlar om ein politimann med gode intensjonar, store ambisjonar, men som er på feil plass til feil tid. Frank Serpico er eit kultivert menneske med eit godt hjarte for lova og tek i motstening til andre politimenn i distrikta han jobbar for til ulike tider ikkje i mot bestikkelsar. Dette skapar ein god del negativitet rundt han og gjer at han i større grad enn ønska blir splitta frå kollegaene sine, filmen startar med at Serpico er på veg til sjukehus med alvorlege skotskadar og set fart i dramatikken frå første minutt. Som i «Dog Day Afternoon» støttar filmen seg godt til Al Pacinos fantastiske rolleprestasjon, han er som skapt for filmen, men dette er ikkje åleine om å gjere «Serpico» god. Lumet har satt saman bitar som godt manus og god historie for å skape ein god film. Den er på omkring to timar og held koken heile vegen med ei jamn utvikling som gir inntrykk av både tid og aukande frustrasjon som går utover sjåaren, på ein god måte.

Dog Day Afternoon«Dog Day Afternoon», 1975, set Pacino i rolla som Sonny, ein person som i likskap med Serpico glødar av ei sterk personlegheit, men der Serpico er politimann er Sonny ein væpna forbrytar. Under eit bankran blir han og kompanjongen Sal (John Cazale) omringa og innesperra i banken med ei handfull gislar. Sonny, smart som han er, får overtaket på situasjonen som over tid utviklar seg til å bli ei mediedekka begivenheit. I to timar som går så det susar følger me utviklinga av gisselhaldinga over 12 timar ved å bli godt kjent med Sonny som ein filantropisk forbrytar, hans forhandling/leik med politiet og dei grunnane som ligg bak heile handlinga. Mykje god dialog og ei trang til å få vite kva som skjer er med på å drive dette framover.

Begge filmane er eksellente og spennande inn til beinet. Ved å vere basert på sanne historiar gir dei litt ekstra, noko som ikkje skal bli tatt for gitt då fleire filmar som gjer dette i blant hamnar i haugen med dei som berre lukkast i å bruke det som salstriks. Al Pacino leverar varene og sjølv om han kan bli sint handlar det ikkje berre om å skrike, noko dei seinare filmane hans gjerne har gjort. Kombiner gjerne desse «Serpico» og «Dog Day Afternoon» med «Network» for eit Sidney Lumet hattrick, eit innblikk i mediaverden som tek fascinasjonen for tv-nyheiter i «Dog Day Afternoon» fleire hakk vidare og dannar eit utfordrande bilde av kampen for sjåartal, datert 1976, men framleis aktuell den dag i dag.

Publisert 12. desember 2007 kl. 21:20 i Crime, Drama, Samlepostar, Thriller merka som .

Ein kommentar til Sidney Lumet og Al Pacino

  1. Fred Ut

    Har ikke sett Serpico, men Dog Day Afternoon var mandagsfilm for mange, mange år siden og gjorde et sterkt inntrykk. Har hatt lyst til å se den om igjen lenge.

Skriv ein kommentar