Silent Running (1972)

IMDb: 6.7/10 (4,931 votes)

Silent RunningValley Forge, anno ukjent framtid, romstasjon for bevaring av skogar og planter. Lite blir sagt om jordkloten anna enn at skogar er utdøydd og at menneska ikkje ser ut til Ã¥ bry seg. I flÃ¥ten Valley Forge er del av blir ei ordre om Ã¥ løysne, for deretter Ã¥ sprenge drivhusa oppstand for frustrasjon hjÃ¥ ein i mannskapet, den naturglade av dei, eit syn ingen av dei andre ombord ser ut til Ã¥ forstÃ¥ — meir frustrasjon!

Det skjer det som må skje og etter ei stund er Bruce Dern, eller Freeman Lowell som han går under i filmen, åleine igjen med tre reperatørdronar som følgesvenner. Sidan må han takle uviss lang tid åleine drivande i verdsrommet grunna nokre småting som skjer i mellomtida.

Under tida me følger Lowell skjer det ikkje dei heilt store tinga, han må takle åleinetilværelsen og søker selskap i dronane som han omprogrammerar til bl.a. pokerspeling. Slik går filmen sin gong, i blant med songar sunge av Joan Baez som avbrekk (berre på lydsporet) frå stillheita og monologane til Lowell.

«Silent Runnning» hadde ikkje det største budsjettet Ã¥ rutte med, sjølve romstasjonen er ein 8 meter lang modell og spesialeffektane er rimeleg enkle, men effektive, det trengs ikkje mykje nÃ¥r det føreligg kunnskap om korleis det skal brukast. DÃ¥ mannen bak effektane er den same som stod for dei i «2001: A Space Odyssey» kan eg ogsÃ¥ trekke parallellar til denne filmen pÃ¥ andre mÃ¥tar, «Silent Running» er ein «extra light» variant «2001» — der tempoet fordelt pÃ¥ lengda og taletid er betrakteleg heva — likevel er ting som menneske og maskin, stemningsbygging (stillheit) og det ukontrollerbare og ukjente i verdsrommet sentralt. No mÃ¥ dette for all del ikkje sjÃ¥ast pÃ¥ som ein mÃ¥te Ã¥ forenkle «2001», men det er no eingong slik at «Silent Running» ligg nærmare den enn f.eks. «Star Wars»

Tross at «Silent Running» har sjarm i bøtter og spann kan eg ikkje med handa på hjarte anbefale den. Då den innleiingsvis opnar med å problematisere menneska si henslengte haldning til naturens undergong gleda eg meg regelrett for resten, men etter å ha tatt eit jafs i eplet er resten kasta i den gjenværande bøtta sjarm ikkje klarte å fylle, resultatet er eit veldig stort fokus på åleinetilværelsen til Lowell, som strengt tatt ikkje går særleg djupt og ikkje bidreg med den store underholdninga heller. Ikkje før slutten (av filmen) er nær skjer det noko meir som set fart på hjerneaktiviteten igjen.

6/10
Publisert 27. februar 2008 kl. 21:30 i Adventure, Alle, Drama, Sci-Fi merka som , , .

Skriv ein kommentar