
April er passert, Kosmorama er forbi, det er på tide å slå seg saman med russen og feste livskiten ut av seg i vårsola. Eller sjå ein god film. Mitt sterkaste tips frå månaden som gjekk er rettsalklassikaren «Anatomy of a Murder» med James Stewart. Og heilt på tampen av månaden kom faktisk nok ein rettsfilm med i toppen; «12 Angry Men». Ein filmmånad med gode klassikarar altså.
Heldigvis såg eg ingen filmar utan eit ørlite snev av verdi i seg. To stykker var derimot på veg mot botnen, men redda seg ved å ha nokre småting som appellerte til meg. Desse er generelt godt likte av den generelle publiken, men eg trår til side og står ikkje for å gi noko skryt. Både «Dellamorte Dellamore og «The Rocky Horror Picture Show» gjekk til nøds.
Litt tal på slutten, mest for min eigen del kanskje. I løpet av april har eg sett 30 langfilmar, 10 kortfilmar, komme i land med 5 sesongar av ymse tv-seriar og 1 miniserie .

mai 2nd, 2007 at 23:28
Takk for skrytet, det kjem godt med!
mai 2nd, 2007 at 22:59
Ser ut som du greit greier å tredoble meg i år, både på antall poster og antall filmer sett. Sida har blitt grisefin også. Filmdagbok FTW!
mai 3rd, 2007 at 14:21
Det blei i overkant i april føler eg, men avstanden til nivået eg låg på før jul er fortsatt ganske høgt.
Det som ikkje står oppgitt i dette innlegget er også at det er relativt korte tv-seriar som er sett, Entourage og Sex and the City f.eks.
Og for å fortsette med å forsvare meg, sjølv om eg innser at det er store tal her, så får eg tid til litt skulearbeid i blant :D
Men mai, aj aj, når eg tenker på det vil det bli mykje tv framover, mai er jo starten på sesongavslutningsperioden. Skummel tanke.