Mai har vore ein fin månad, skulesituasjonen med to heimeeksamenar og notatar skrive gjennom semesteret har gitt nok fritid til å pløye gjennom eit hav av både film og tv-serie.

Det er sesong for avslutningar. Eg har fulgt med både fast og uregelmessig på ymse sidan i haust. I mai samla eg trådane, fullførte 6 seriar. Forutan dette har det blitt ein del korte britiske seriar. Eit skremmande høgt tal kjem altså i tillegg til dei nemnte 6: 10 tv-seriar. (Notat til meg sjølv: Mesteparten av «Rome» blei sett i april, halve «Twin Peaks» blei sett tidlegare). Av desse vil eg trekke fram «Spaced» som ein klar favoritt. Forutan britisk har trådd inn i amerikansk problemland med «Six Feet Under», som er på høgde med det beste av HBO eg har sett.
27 filmar har det blitt, der over halvparten har sin plass på øvre del av IMDb top 250. Her er det mange godbitar å hente, sjølv om det i blant dukkar opp ein og anna skuffelse. Både «The Treasure of the Sierra Madre» og «Sunset Blvd.» fall veldig godt i smak, og har blitt høgt verdsett!!! Det skulle derimot ein anna vel ansett film, rett nok ikkje frå denne lista, til å skuffe. «Who's Afraid of Virginia Woolf?» gjekk til nøds!!
Til slutt vil eg trekke fram den andre gjestemeldinga her på berget, Mario har sett WWE-filmen «The Condemned» og skrive om den her: Brutalt spill blant dødsdømte!
