Første kvartal er gjort unna, om ikkje lenge er det sommar og så jul igjen. Før den tid vil eg oppsummere filmmånaden mars som den har vore for underteikna. I løpet av mars har eg sett 28 langfilmar, 1 kortfilm og fullført 9 tv-seriesesongar. Enkelte seriar begynnar allereie i mars å bli avslutta, som «Primeval», «Psych», «Top Gear» og «Las Vegas» av nokon.
Angåande fordelinga av filmar utover månaden har det ikkje skjedd nokon forandringar i forhold til dei to førre månadane, så eg går rett på sak. I den svake enden av skalen låg «For Your Consideration» ytterst, tett fulgt av «The Crow». På gledessida var det mange gode denne månaden, og dei som eg fekk lyst å utpeike spesielt undervegs var «Rocky», «Special» og «Conversations with God».
