Sleeper (1973)

IMDb: 7.2/10 (9,584 votes)

SleeperFor meg er det å sette seg ned med ein Woody Allen film synonymt med å putte den første snusprisen under leppa på over ei veke, kan eg gjette. Vanskeleg å beskrive i detalj, men unekteleg ei god opplevelse. Så sant det ikkje er snakk om ein av dei få svakare Woody Allen filmane, då blir det meir som nikotinsjokk i dårleg dagsform.

«Sleeper» er så mykje som ein Woody Allen science fiction, satt 200 år fram i tid til eit fordumma samfunn med vekt på nytelse (eg ser kor «Idiocracy» har henta inspirasjon frå). Og så er det ein komedie med enkle komiske midlar der samanlikninar kan trekkast til stumfilmslapsticks, skyggespel og revysketsjar med inkompetente doktorar for å nemne nokon. Woody Allens Miles Monroe vaknar uvitande opp i ei ny verd, litt forvirra, men mest oppgitt ettersom han berre var innom sjukehuset for eit mindre magesår, ei passande rolle for den sjølvsentrerte utgåva av Allen, som så mange gonger vel å skrive seg sjølv inn i hovudrolla og uansett rollenamn blir til Woody Allen. Ved sidan av slapsticks i mengder er dette mykje ein film som fyrer laus mot alt og alle utan å kritisere harskt, som Monroe så godt svarar på Luna (Diane Keaton) sitt spørsmål om kva han trur på når han ikkje trur på samfunnet, Gud eller vitskap: “I believe in sex and death!”. Dette gjenspeglar harseleringa filmen gjer, då det ikkje er vits å utøve det for hardt mot noko som ikkje er relevant for han som ego.

«Sleeper» fell godt på plass blant dei betre Woody Allen-filmane. Mannen er ikkje altfor full av seg sjølv, han får retta kjappe peikefingerar hist og pist, servert mykje god moro i ein sci-fi-komedie som verken er for målretta til å bli eit A4 Joseph Campbell Hero’s Journey for Monroe, eller for sleivete til å ende opp som ei rekke tematisk like sketsjar utan større samanheng. Når Allen har Diane Keaton som sit motstykke rolla som den smådumme Luna (!) med PhD i Oral Sex, manglar det heller ikkje fyrverki tilbake i fjeset på Allen, kjemien gnistrar mellom desse to i eit hat-elsk-romantisk forhold i ein elles fullpakka godteripose.

8/10

Leave a Reply