Sidan eg likte «You’ve Got Mail» var det ingen veg utanom denne, som ogsÃ¥ er med Tom Hanks og Meg Ryan, samt regissert av Nora Ephron. Denne filmen er krydra av referansar til eldre filmar, først og fremst «An Affair to Remember» og omfattar geografisk avstand først og fremst. Hovudrollane har knapp interaksjon, sÃ¥ oppbygginga er ei kryssklypping av austkyst mot vestkyst, Baltimore mot Seattle. Hanks har ikkje fullt sÃ¥ mykje karakter som i sine beste filmar, men Ryan gjer seg utruleg godt pÃ¥ skjermen her. Det er mest vekt pÃ¥ drama og romantikk, sÃ¥ nokon skikkeleg gladfilm er det ikkje, utan at eg ser grunn til Ã¥ trekke pÃ¥ det. At den er ganske sÃ¥ dialogprega, med god dialog, er styrken i denne sÃ¥ vel som den var i «You’ve Got Mail», sÃ¥ eg fann den ganske likandes.
