Sling Blade (1996)

IMDb: 8.0/10 (24,176 votes)

Sling BladeBilly Bob Thornton er ikkje til å kjenne igjen som Karl Childers i denne filmen om ein mentalt tilbakeståande mann som etter å ha vore innesperra på eit sjukehus store deler av livet sitt, på grunn av at han drept mora og elskaren hennar som barn, endeleg blitt sett fri. Den Karl me møter er nok meir opplyst enn han kanskje gir uttrykk for, men likevel ikkje nok til å forstå alvoret bak einkvar handling. Likevel er det først og fremst det beste for personane rundt han, av dei som han bryr seg om, som er det viktigaste for han.

Når eg nemner at Billy Bob Thronton ikkje er til å kjenne igjen, er det først og fremst fordi dei filmane eg sit igjen med friskast i minne er «Bad Santa» og «Bad News Bears», der han både ser veldig mykje annleis ut, og oppfører seg litt under menneskeleg nivå i andre enden av skalaen (ikkje som smart, men ikkje fullstendig oppegåande på sjølvpåført måte). Det betyr ikkje at han spelar dårleg, langt derifrå, dette er ein knall film med ei god hovudrolle. No veit eg ikkje kor vanskeleg det er å spele overbevisande tilbakeståande, men han gjer det iallfall bra.

7/10
Publisert 3. april 2006 kl. 17:39 i Alle, Drama merka som , .

Ein kommentar til Sling Blade (1996)

  1. TMwtP

    Godeste Billy Bob er en mann jeg faktisk er usikker pÃ¥ hvor jeg har. Han er vel ganske god, egentlig? The Man who wasn’t there likte jeg, men mest pga regien og den knivskarpe fotograferingen husker jeg. Har noen huller vedr han i den senere tid sÃ¥ som Bad Santa, som jeg ikke har sett.

Skriv ein kommentar