Sløyfe på september

Aktiv månad fører med seg mange tal, godt spreidd ut over ulike felt i Filmdagboka, som dessutan fekk ei overhaling på layouten sidan forrige «sløyfeinnlegg». Mario skreiv ei gjestemelding av Orgazmo. Sjølv fekk eg fullført 9 tv-sesongar (nokre sommarseriar har blitt avslutta), laga 2 TV-samlepostar, sett 3 korfilmar (IMDb sin definisjon) og ikkje minst; 31 filmar.

Gode filmar? mange! Ut i frå mi nye rause talvurdering: 9/10: «Tatt av kvinnen» og «Planet Terror». 8/10: «Equilibrium», «The TV Set», «Rio Bravo», «Twelve Monkeys», «Knocked Up», «Roman Holiday», «Reign Over Me». Etter det gamle systemet: Høgt verdsett: «Sleuth». Karakterane er gitt etter magekjensla på ulike tidspunkt. Så sjå på skalaen som eit cirkaverktøy.

Publisert 1. oktober 2007 kl. 08:00 i Annonseringar merka som .

Skriv ein kommentar