20 episodar.
Kor mange gonger har eg ikkje tenkt at enden er nær, at den ultimate konfrontasjonen mellom Lex og Clark står for døra. Lenge handla «Smallville» om kampen for eit vennskap mellom desse to, og det ein venta på var den dagen det skulle rakne. I seinare tider har det handla meir om dei mørkare hemmelegheitane som stadig skyv det for lengst døde vennskapet mellom Lex og Clark lengre frå kvarandre. Litt etter litt har også serien ofra faste rollefigurar som følge av dreie livet til Clark Kent vidare til eit nytt nivå, samt desse skodespelarane sitt ønske om å forlate serien. Grunnen til at eg per i dag igjen tenker at enden er nær har å gjere med nettopp dette. Fleire nøkkelpersonar både framfor og bak kamera har den siste tida signalisert avskjeden i meir eller mindre grad, den mest dramatiske ved første blikk kan verke å vere Michael Rosenbaum sitt nei til forlenga kontrakt, kva kan serien bli utan Lex Luthor? Kristin Kreuk har gjennom dei siste to sesongane tydeleg trappa ned, Lana Lang var eit highschool crush for Clark, og har mista mykje av energien. Den siste drastiske avskjeden er den til skaparane av serien, Alfred Gough og Miles Millar, når dei viser lysta til å trekke seg ut handlar brått serien om noko anna enn å formidle ei historie, det handlar om pengar for nettverket. For «Smallville» kjem tilbake med minst 1 sesong til, eg er skeptisk, kunne eigentleg tenke meg at serien var avslutta, for på ei anna side har eg det vanskeleg med å gi meg før det er Slutt.
