Smokin’ Aces (2006)

IMDb: 6.6/10 (41,765 votes)

«Smokin’ Aces» er ein type actionfilm som vil bli enten eller, enten klarar du å innfinne deg med kvalitetane og manglane, eller så klarar du ikkje innfinne deg med manglane på kvalitetane. Uansett innfallsvinkel på problemet så er ikkje filmen perfekt, men enkelte vil klare å hente ut ein grei opplevelse. Personleg hamna eg i båsen over betrevitande som ikkje heilt klarar å svelge dette hårete monsteret.

Stilmessig er «Smokin’ Aces» gjennomført, karakterane går godt i lag og er alle tøffe og enkle, det heile luktar sterkt av film, men sjølv om målet ikkje er å få fram noko som helst realistisk preg har det blitt sikta mot eit delvis skittent preg; mørkt blod, støv og sveitte i ansikta. Ansikta me møter er ei rekke kjente som strekk seg frå Ray Liotta til Alicia Keys, via Ryan Reynolds m.fl. Personar eg generelt har lite i mot, men som aldri får sjanse til å vise seg for kva dei kan her.

Med dette startar ei lita opplisting av ting eg ikkje satte pris på. Den uoriginale historien er oppstykka mellom altfor mange personar, me får aldri sjansen til å knyte nærare kjennskap til nokon av dei, om dette er meininga så er det iallfall ein dårleg tanke. Balansen mellom å vere type parodisk over-kanten action og rett fram skitten og down to earth er skrudd, når du er i ferd med å komme inn i ein god flyt kjem det heilt på trynet løysingar og øydelegg, men dei kjem sopass sjeldan at dei ikkje går inn i oppskrifta.

Mitt neste poeng treng ei rask oppsummering av handlinga: Mange folk er på veg for å drepe ein mann. Det er jo i og for seg greit, kjedeleg, men greit. Så når alle, samtidig, er i ferd med å ta seg inn på hotellrommet mannen oppheld seg på, så må ting gå med lompefart og det blir nesten uuthaldeleg. Etter på ein måte å ha runda klimakset skal det hittil så jævla smarte filmen (nei, det er faen meg så enkel og rett fram!) forklarast og begrunnast til det ytterste for å få oss til å tru at det som har skjedd hittil har vore noko anna enn det me har vitna. Ein allereie kjip film blir difor 20 minuttar for lang.

Sett at filmen i utgongspunktet var ein ok film (5/10), så vil eg denne gongen bruke skalaen for det den er verdt og trekke i frå alt det eg mislikte utanom det som er ok (ca 2 poeng), eg endar opp med 3/10 og vel å gjere eit eksempel ut av «Smokin’ Aces» som er eit unødvendig supplement i ein likevel ikkje avdøydd post-Tarantino filmverden.

3/10

2 Responses to “Smokin’ Aces (2006)”

  1. Espen Andersson Says:

    Kort sagt så er vel dette drømmeeksempelet på en film som tror den er uhyre mye mer enn den egentlig er?

  2. ness Says:

    Ja! Bra sagt.

Leave a Reply