Snakes on a Train (2006)

IMDb: 3.0/10 (109 votes)

Snakes on a TrainMens me ventar på «Snakes on a Plane» kan det vere greitt å starte litt i det små og på bakkenivå. Konseptet er så enkelt som tittelen, og historien så rar at eg ikkje orkar å gjengi den. Men eg kan sei først som sist at 3.0/10 er i minste laget, den kunne kanskje fått 4.0. Eg seier kanskje. For filmen er jo utruleg dårleg, men likevel så morosamt. Eg storkoste meg i enkelte scener. Og kjeda meg i andre. Midtpartiet av filmen, pluss starten, og det innimellom overalt opp mot slutten er treigt og eit langt gjesp. Men det er krydra med fleire latterelege småting innimellom som gjer at ein plutseleg opnar augo igjen. Og slutten! Ja, eg kan henge meg på bølga som seier at slutten er god nok til at filmen blir verdt å sjå. Eg skal ikkje røpe meir. Eg skal heller ikkje sei meir, for det meste var jo ganske labert.

4/10
Publisert 24. august 2006 kl. 23:40 i Action, Alle, Horror, Thriller merka som , .

Ein kommentar til Snakes on a Train (2006)

  1. Iversen

    Isj, madammen hater slanger – det ser stygt ut til at jeg mÃ¥ se Snakes on a plane solo.

Skriv ein kommentar