Some Like It Hot (1959)

IMDb: 8.4/10 (42,760 votes)

Some Like It HotTony Curtis, Jack Lemmon og Marilyn Monroe spelar på lag i denne flotte Billy Wilder-komedien frå 1959, der Curtis som Joe og Lemmon som Jerry må kle seg ut som kvinner for å få ein gig utanbys. Gangsterar på jakt etter eller forviklingar med andre menn foran seg, «Josephine» og «Geraldine/Daphne» står bokstavleg talt på tå med høghela sko gjennom denne hysteriske filmen.

I «Some Like It Hot» blir det avfyrt punchlines og gode dialogar i maskingeværhastigheit og eg går aldri trøytt av det, tempoet dabbar aldri av og historia blir aldri gammal, veldig viktig for ein komedie. Imponerande at oppsettet med menn forkledd som kvinner held seg så godt gjennom 2 timar, men ikkje spesielt overraskande når Wilder står for regien og Curtis/Lemmon overbevisar i hovudrollane.

Til denne type film, med forkledningar og doble rollar, ligg det gjerne forventingar til handlingsforløpet. Løysinga er fin dÃ¥ det alltid skjer sÃ¥ mykje i «nuet» at det som kjem etterpÃ¥ aldri særleg aktuelt Ã¥ tenke pÃ¥. NÃ¥r det kjem, sÃ¥ er det akkurat like artig. Mykje skryt, lite hÃ¥ndfast eg har retta meg mot.

9/10
Publisert 18. november 2007 kl. 11:56 i Alle, Comedy, Crime, Music, Romance merka som , , .

Ein kommentar til Some Like It Hot (1959)

  1. TMwtP

    Hyggelig å høre at du likte denne. Ja, de fleste gjør jo det, men 9/10 er jo toppers.

Skriv ein kommentar