Spartacus (1960)

IMDb: 8.0/10 (23,794 votes)

SpartacusDet skal ein sabla god film til for Ã¥ begrunne 3 timar film. Diverre er ikkje «Spartacus» sÃ¥ sabla god, og filmen blir for lang. For mykje bruk av pausar og stillbilder utan særleg meining eller motiv er nok den største lasta, men like etter kjem rollefigurane med sine ‘Oh, I love you of all my heart!’ og ‘Oh, I love you even more!’. Kirk Douglas er ikkje anna enn ein stor smørklump, og blir for mykje av det gode som Spartacus.

Eg kjem ikkje utanom at eg nettopp har starta å følge med på «Rome» igjen heller, og at «Spartacus» blir som ein motpol til serien, og som eit eksempel på den typiske Hollywoods, delvis konservative, store studioproduksjonen.

Litt skryt må til på slutten for å vege opp om den middels karakteren eg har tenkt å gi den. Det høyrer med til filmen at Stanley Kubrick hadde eit budsjett på 12 millionar dollars. Som samanlikning kosta det 44 millionar å lage «Cleopatra» tre år etter. Han har fått ein lang film ut av desse pengane, og sjølve historia om Spartacus er jo ei god ei.

5/10
Publisert 25. desember 2006 kl. 18:40 i Action, Alle, Biography, Drama, History, Romance, War merka som , .

Ein kommentar til Spartacus (1960)

  1. Asbjørn Ness

    Det var jo det stikk motsatte som stod der, gitt! Lawrence of Arabia var ein god film derimot. Det var nok dramaet i den som eg tok meir til meg.

Skriv ein kommentar