Det er vanskeleg å halde augo unna ein film som «Spider-Man 3» på ei elles så kjedeleg flyreise. Forutan delen med Bruce Campbell som fransk restauranttilsett, som var meir morosam denne gongen (enn første gong eg såg filmen), er ikkje dette rare greiene.
Tobey Maguire er på kanten til flau å sjå på. Enkelte stader her er nok det meininga, med det forandrar ikkje mi meining særleg. Utan flotte kampscener i forrykande CG samt ei og anna morosam frase sit eg framleis med ein bismak i munnen etter å ha sett denne for andre gong. Eg saknar eit mål for filmen. Den virkar som fleire episodar frå ein tv-serie med påkosta budjsett.
