Neil Gaiman er stor innan teikneseriebransjen, personleg har eg aldri fÃ¥tt satt meg inn i verken «The Sandman» eller den illustrerte bokversjonen av «Stardust». Reint faktisk var eg usikker omkring «Stardust» dÃ¥ den har blitt samanlikna med «The Princess Bride» — ein film eg reint faktisk fann slapp.
Men «Stardust» var god og klarar å spele på dei rette tangentane og gjer opp rekneskapet i fantasysjangeren for vedkommande etter «The Golden Compass» hamna midt på treet tidlegare denne månaden. Naturlegvis kan ikkje desse filmane samanliknast direkte, «Stardust» har hekser, prinsar, piratar og ein eventyrverden på andre sida av muren. «The Golden Compass» skal eigentleg vere ein meir alvorleg og uordniær affære, utan å gjere «Stardust» sine eventyrtrekk til eit minus.
Tristan (Charlie Cox) lovar jenta han elskar Ã¥ hente ei fallen stjerne for Ã¥ bevise kjærleiken, for Ã¥ nÃ¥ dit mÃ¥ han krysse eit hol i muren — som er inngongen til ei verd med hekser og prinsar som ogsÃ¥ skal ha tak i stjerna. Utan Ã¥ rote det til har Matthew Vaughn med mannskap klart Ã¥ skape eit eventyr med søt romantisk tone pluss dei rette dosane med alt det andre som skal til for Ã¥ skape eit godt skue. Mange av skodespelarane er folk eg ikkje har den største kjennskapen til og skapar ei frisk innpakking av historia, dataanimasjon finst — heldigvis blir den ingen last.
Styrken bak filmen er nok at den vil fortelje ei fin historie, den klarar den godt utan å la dei brukte verkemidla ta over for seg.

desember 18th, 2007 at 11:09
Også er jo DeNiro konge her, da.
desember 18th, 2007 at 11:48
Til å vere tåpeleg i kvinneklær var han ypperst underholdande. Den sekvensen framfor spegelen på skipet akkompangert med *melodi viss namn eg burde visst* til, fekk meg til å le ganske så bra :)
desember 19th, 2007 at 22:03
Jeg så den for et par dager siden, og må bare si at det var en herlig film. Eller et skikkelig godt, gammelt eventyr om man vil. Og boka blir nok julegave til lillesøster. To fluer i en smekk :D