Med Ingmar Bergman og Federico Fellini som forbilde (Woody Allen hadde ved eit punkt i produksjonen tankar om Ã¥ kalle filmen «4», fordi den ikkje var halvt sÃ¥ god som «8½Â») har Allen satt seg til Ã¥ fortelje historia om ein oppdikta filmskapar, Sandy Bates. Bates har hatt stor suksess innan komediesjangeren, no vil ha lage seriøs film. Fanbasen hans er dedikerte og følger med uansett. Under ein liten filmfestival med berre filmane til Bates pÃ¥ programmet følgjer me personen i notid, fortid, pÃ¥ film og under festivaltiden. Persongalleriet er fyllt med fargerike personar, tross at filmen er svart/kvitt, og dei fleste statistane er bisarre menneskeskapningar, karikaturar kan ein sei, mykje hjulpe fram av kamerabruken. «Stardust Memories» er noko for seg sjølv, fell ikkje heilt i smak her, men er nok likevel ein av Allens meir gjennomtenkte filmar og blant mannens eigne favorittar. Som tilleggsopplysning kan det vere greitt Ã¥ nemne at dette ikkje er meint som eit autobiografisk verk.
