«Starman» er ein Carpenterfilm som går i ein litt anna retning enn det andre eg hittil har sett av mannen. Tydeleg retta mot eit større publikum med fokus på romanse og komedie, men likevel nokre av kjenneteikna som gjer Carpenter til ein god regissør.
Jenny Hayden (Karen Allen) sørgar over den avdøde ektemannen dÃ¥ Starman — eit romvesen — (Jeff Bridges) ei natt dukkar opp og lagar seg ein kropp nærast identisk til ektemannen. Ikkje heilt tilpassa i menneskekroppen Starman og Jenny Hayden ut pÃ¥ roadtrip til Arizona med politiet i hælane.
Starman minnar sterkt om Mr. Bean i sosial tilpasning, og prøver heller ikkje vere meir seriøs. Humoren nådde meg mest via den banale og på-trynet oppførselen til Starman, eller kanskje det at Jeff Bridges spelar utruleg dårleg i filmen. Men Carpenter har gjort det han kan med det han har, samt med eit godt soundtrack nok ein gong, og som sci-fi komedien dette er dette morosamt nok.
Den romantiske delen av filmen er svak og trekk saman med mange dumme one-liners filmen ned på jorda.
