Step Brothers (2008)
Så, det heile starta med brask og bram. Dei ti første minuttane var «Step Brothers» like morosam som eg hadde håpt på etter å ha sett ein morosam trailer. Ikkje alle likar å trailerar, fordi dei ofte gir eit feil inntrykk av filmen, i dette tilfelle har likevel filmen meir å fare med enn dei få morosame scenene som blir brukt i marknadsføringa. For å sette dette i perspektiv, ein film kan ha ei morosam scene, men det må mange morosame scener til for at filmen kan seiast å vere morosam.
Etter kvart som minuttane rulla forventa eg eit vendepunkt, der filmens sentrale idé som eg skal komme tilbake til straks, ikkje lengre ville klare å bere formatet ut 90 minuttar.
Will Ferrell og John C. Reilly er begge rundt 40 år og bur framleis med foreldrene sine, når foreldrene giftar seg og flyttar i lag blir dei tvunge til å dele rom. Det skal seiast at begge oppfører seg som 10-åringar og deira barnslege kranglar er hysteriske å sjå på. Sensuren er borte og du høyrer stadig grove ord i dei herlegaste samanhengane, utan at det blir for mykje. Forholdet mellom desse to utviklar seg forbi eit forventa stoppepunkt, men så er dette også ein film av «Anchorman»-filmskaparen Adam McKay, produsert av min vesle favoritt, Judd Apatow.
«Step Brother» leverar altså. Ferrell og Reilly finn på mykje kødd, men eg klarar å innfinne meg med alt dette, måten det blir gjort på virka å legge vekt på meir enn å plotte fleire enkeltidear inn etterkvarandre, det blir ein slags samanheng i dette.
Som bonus gjer Richard Jenkins ei herleg tolking av Reillys rollefigures far.
