Strange Days (1995)

IMDb: 7.0/10 (21,334 votes)

Denne sci-fi thrilleren av ei perle med ein yngre Ralph Fiennes i hovudrolla kom som ei lita overrasking på meg, forutan å ha sett namnet på eit par lengre topplister har eg aldri bite meg merke i verken kva den handlar om, kven som er med eller noko anna om filmen.

Regissøren er godeste Kathryn Bigalow, dama som stod for regien på «Point Break», surfefilmen der hårsveisen til Patrick Swayze kjempar mot havbølger om å vere størst. No skal det ikkje handle om den her, men eg vil på sett og vis påpeike at samanhengen her er lovens lange arm i ulike kontekstar. Ralph Fiennes spelar ein eks-politimann, eit faktum som blir lite påpeika, men tydeleg er med på å forme han som person. For tiden driv han, Lenny Nero, med langing av «minnediskar». Heile historien bygg rundt desse diskane, ein (mest sannsynleg) fiksjonell FBI-finansiert teknologi med moglegheit for opptak av hjerneaktivitet ved å plassere ein kippa-liknande målar på hovudet. Desse opptaka kan igjen avspelast av andre som soleis får gjenoppleve handlingar som om dei var der sjølv, med sansing, syn — heile pakken.

Teknologien som er forbeholdt FBI har blitt attraktiv på svartebørsen, Lenny Nero (Fiennes) si salsvare er utfordrande opptak, porno, kriminalitet, o.l. Dei mange lugubre kontaktane til Lenny gjer at han etter kvart sansar at eks-dama er i fare, og ein disk han får i fanget innheld farleg informasjon som skaffar han folk på nakken.

James Cameron har hatt mange fingrar med i spelet, både som produsent og manusforfattar, dette har satt sine spor. Cameron veit stort sett kva han driv med og har sikkert vore med å styre produksjonen nærgåande, med mange gode trådar, idear og spenning som alt heng saman, blir sci-fi-debuten til Bigelow av det betre.

Filmens handling er satt til ei nær framtid, 1999, fire år fram i tid, dei vesentlege forskjellane i samfunnet ligg i eit kaosprega Los Angeles og for oss blir det «minnediskane» som skapar sci-fien. Dei mange forseggjorte ideane fanga meg frå starten av, stemninga som delvis kan samanliknast med «Blade Runner» er til å ta på, men ting eg ikkje heilt klarar å sette fingeren på gjorde sitt til at eg utover mista litt fokus. Nær slutten blir trådane samla, ikkje alle på vellykka vis, men nok til at eg blei med på notane igjen og gjorde sitt til at 2t 22min ikkje blei bortkasta på nokon måte.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

  1. #Nr. 1, 23-sept-2008 kl 19:43

    En hissig liten film, denne. En av Fru Uts absolutte favoritter en stund. Hva skjedde egentlig med fru Bigelow?

  2. #Nr. 2, 24-sept-2008 kl 01:08

    Har laga eit par titlar sidan, ingenting eg har sett, «K-19» høyres kjent ut, så det tok vel kanskje ikkje heilt av?

  3. #Nr. 3, 27-sept-2008 kl 10:12

    Det tror jeg var noe skikkelig stusselige greier med Harrison Ford. Jeg har ikke sett vampyrfilmen hennes, Near Dark, men Blue Steel er en helt ålreit liten thriller med Jamie Lee Curtis.

  4. #Nr. 4, 27-sept-2008 kl 13:41

    Near dark er flott, ihvertfall om den har tålt tidens tann. Og Strange Days var lenge en av mine absolutte favoritter også. Kanskje på tide med et gjensyn?

  5. #Nr. 5, 30-sept-2008 kl 19:01

    Strange Days har jeg sett en del når jeg var noen år yngre. Var en liten favoritt når den kom ut. Nå er det sikkert 8-10 år siden jeg sist så den, så det blir spennende eå se den igjen i nærmeste fremtid.

    Near Dark er en av de beste vampyrfilmene jeg har sett. Bill Paxton og Lance Henriksen leverer soldie rolletolkninger, og filmen har en ekkel atmosfære.

  6. Jacob
    #Nr. 6, 30-sept-2008 kl 21:46

    Ja, kan bare slutte meg til hyllesten av Near Dark. Ikke lenge siden jeg så den for første gang, faktisk. Kult at den samler store deler av Aliens-gjengen også. Strange Days derimot var jeg bare måtelig imponert over, men Bigelow lagde stilfulle filmer iaffall.