SubZero (1998)

written 7. august 2008 by Asbjørn Ness

rated: 3/5
SubZero (1998)

I SubZero får Batman eit gjensyn med Mr. Freeze frå Batman: The Animated Series og må hanske opp med ei kidnapping av Lt. James Gordons dotter, Barbara Gordon.

No har eg verken sett det eine eller andre av nokon Batman-seriar på tv og soleis ikkje Batman: The Animated Series heller, men SubZero er ein sjølvstendig animasjonsfilm som kan sjåast åleine viss ikkje å sjå den i samanheng med enten serien eller Batman: Mask of the Phantasm skulle vere ønskeleg.

Animasjonen er tydeleg på eit stadie der 3D-teknikkar er teke i bruk og er i enkelte få scener tydeleg eit stykke i frå perfeksjonisme, men stort sett er dette like upåklageleg som det ein ser i DC/WB sine nyaste satsingar.

Sjølve handlinga startar som ein tradisjonell detektivhistorie, me blir introdusert for andre personar (enn Batman) og etter kvart ei kriminell handling. Musikk og stil gir assosiasjonar til 1950-talet og kler historien veldig flott. Når Batman og Robin gjer ei sein entre er det med kraft, og utover i filmen blir dette meir og meir ein spenningsfyllt og eksplosiv film enn detektivisering, ei passande utvikling sett frå min ståstad.

IMDb

7.1/10 from 1,294 users

Tag(s)

,

Category(ies)

Action, Alle, Animation, Crime, Drama, Sci-Fi, Thriller

Copyright

Filmdagbok 2008