12. juni 2012

Superman vs. The Elite (2012)

Av Asbjørn Ness

Superman vs. The Elite (2012)

IMDb: Superman vs. The Elite

I den 14. DC Universe Animated Original Movies-filmen er Supermann tilbake for femte gong. Denne gongen blir han utfordra til moralsk kamp mot ei ny gruppe med superkrefter. Det blir ei utfordring å vere han som aldri går over streken for mannen i blått og raudt.

Filmen er som dei andre i DC Universe-filmsatsinga basert på ei teikneserie. 2001-historia What’s So Funny About Truth, Justice & the American Way? av Joe Kelly er grunnlaget for filmen.

Det byrjar med ein kamp mot superskurken Atomic Skull, som Supermann har sloss mot før. Så dukkar ein ny fyr opp, Manchester Black, og han meinar at dei gjentakande kampane mot dei same skurkane er meiningslause. I lag med tre andre vil han drepe superskurkar, men Supermann kan ikkje la dette skje.

Superman vs. The Elite klarar ikkje å gjere stor ut av seg i byrjinga. Små slagsmål og liten risiko pregar første del av oppbygginga. Men etter kvart som den verkelege motstanden til Supermann blir klar, blir filmen også meir interessant. Den store trusselen forblir derimot fråverande, og sett bort frå eit kortvarig høgdepunkt er ikkje filmen spennande.

Den noko enkle, men i og for seg fornuftige moralen er med på å trekke filmen litt opp igjen. Kampen Supermann kjempar er i like stor grad for å vinne folket som å vinne over The Elite.

3/5

Om innlegget