Bruce Willis er mannen som må redde dagen i ein fartsfylt science-fiction spenningsfilm sett til år 2054.
Me blir introdusert for eit samfunn som har delt seg i to, dei som har omfamna det teknologiske framsteget som gjer det mogleg å leve livet gjennom fjernstyrte robotar, og dei som held seg i ein isolert bydel utan teknologien. Bruce Willis er del av den førre gruppa, og er politimann i ein idyllisk by, fri frå lovbrot.
Frå byrjinga av legg filmen tydeleg opp til at Willis etter kvart vil snuble over eit problem, som sender han på hovudet inn i eit ukontrollerbart helvete. Han vil naturlegvis stille spørsmål til om livet levd gjennom eit surrogat, som dei fjernstyrte robotane blir kalla, er eit fullverdig eit. Sånn går filmen, utan noko overraskingar, men med dei føreseielege vendingane.
«Surrogates» er trass i eit tynt plott, smått underhaldande som spenningsfilm. Problemet er i størst grad forsøket den gjer på å framstå som kritisk til teknologisk vinning. Med sitt uskuldige forsøk verkar den både datert og lite dømmande, mangelen på ei sterk kritisk stemme forsvinn i at «Surrogates» skal ha med litt om alt, og endå meir spesialeffektar.
Resultatet av det mislykka forsøket på å stake seg ut ei tydeleg retning, er då likevel ein gjennomsnittleg studiofilm. Den kan fungere om dagsformen er ukritisk, og heimekinoen maktar å ta overhand over sansane dine, med dei påkosta bilde- og lydeffektane som «Surrogates» har.
Eg merkar at i løpet av den månaden som har gått sidan eg såg filmen, så har inntrykket mitt av den gradvis forverra seg. Det er ein heilt kurant film, men du vil med liten innsats lett finne ein science-fiction som har både ei god kritisk stemma og god action. «Strange Days» frå 1995 er ein av mange som kan anbefalast.

mars 3rd, 2010 at 22:37
Åja, Strange Days er en film jeg snart må se igjen kjenner jeg.