I «Sweet Smell of Success» gjeld det å henge med frå starten av, introduksjonen av karakterane og deira plass i den prega medieverda me møter er kort og presis. Eg kan sette pris på ein effektiv forteljarstil, men her hadde det faktisk ikkje gjort noko om dei brukte litt lengre tid.
Tony Curtis og Burt Lancaster spelar side om side, som henholdvis presseagent og spaltist. Curtis som Sidney Falco er ein sleip type som har byrja å merke at han utnyttar folk og ikkje held det han lovar, dvs. at han også skuldar ein haug med tenester. Lancaster som J.J. Hunsecker er ein av dei som ber nag ovanfor Falco, men når søstra til J.J. blir forelska i ein musikartype J.J. mislikar, har Falco løysinga og ser sitt snitt til å komme inn igjen i varmen hjå J.J. ved å tilby å hjelpe.
Etter mykje fram og tilbake i starten veks filmen stadig på meg når trådane byrjar å samle seg, ikkje berre kjem det fram at filmen er ei godt fortalt historie, men det er klart at Curtis og Lancaster passar som fot i hose i karakterane sine. Curtis er ein fryd å følge med på når Falco skodespelar framfor andre, Lancaster like så. Det blir nesten sånn etter kvart at ein ikkje anar om dei spelar eller om dei er den ekte Falco eller J.J. Spesielt i eit par opphissa scener då det er krangel på gang kjem verkeleg stjernene ut.
Problemet eg har med filmen er at den er for vag eit stort stykke i byrjinga, eg tvilar ikkje at den vil bli betre under eit gjensyn, men den korte og presise introduksjonen er litt tynn, og det tek både ei stund å sjå kor dette skal gå og kven me har med å gjere forutan Falco-karakteren i presseagentmiljøet.

mars 30th, 2009 at 23:39
Comeback på bloggfronten, og du starter med å gi tidenes mest oppskrytte film-noir 7/10? Hva har skjedd? :-)
mars 31st, 2009 at 15:19
Eg synst den tok seg så bra opp på slutten at eg blei sittande igjen med ei verkeleg godkjensle. Samspelet mellom Curtis og Lancaster var ein fornøyelse. Det var ein svak sjuar, må nemne, men den henta seg så bra inn på enkeltting at eg ikkje kunne oversjå det. Mykje av det med presse-spaltist-forholda gjekk meg hus forbi.
Ingen comeback forøvrig, berre eit lite innlegg ;)