IMDb: 3.0/10 from 552 users
Tredje luke i julekalender 2011 er ein slasher frå åttitalet. Sesongarbeidande julenissar blir drept på løpande band rundt om i Soho i London. Politiet står ansikt til ansikt med vanskelege utfordringar i jakta på drapsmannen.

Drapsmannen i Don’t Open Till Christmas har tydeleg ei drivkraft som fÃ¥r han til Ã¥ drepe julenissar. Og drapa stikk seg fort fram som den raude trÃ¥den. Dessverre er det ingen eller fÃ¥ deler av filmen som er opplagte eller logiske. Scener som skal forklare og byggje opp rundt karakterane er fjerna eller aldri pÃ¥kosta produksjonen. Store deler av Don’t Open Till Christmas blir ei uregelmessig hopping framover i tid.
Don’t Open Till Christmas er eit resultat av elendig manus og amatørar pÃ¥ bak teknikken. Musikken er det einaste unntaket. Sjølv om budsjett ikkje er synonymt med kvalitet, sÃ¥ ville Don’t Open Till Christmas sett seg tent med pÃ¥kosta assistanse. Lyssettingen er eit av dei verste eksempla og kan forvekslast med ein person med lommelykt.
Filmen har underholdningsverdi i mangelen på kvalitetar. Emna han har til å overraske med totalt håplause scener som kjem tilfeldig på rekkje og rad. Men det er langt i frå godt nok. Filmen ligg an til å bli det verste bidraget i julekalenderen. Julestemning er fråverande medan kjedsomheit toppar passande ordval.
3/10
IMDb: 5.0/10 (1,648 votes)
Xtro kom tilfeldigvis opp i søkeresultatet på plakaten for Return of the Living Dead III, og med ei fengande plotline og eit sprekt monster tenkte eg at dette i verste fall måtte vere litt gøy.

Xtro viste seg å vere verken fengande eller sprek. Den er langsom og dødfødt, men har gørr og grusomheiter og er litt for spesiell. Den mest minneverdige scena går ut på at ein vaksen mann blir født ut av ei kvinne eit romvesen har tukla med. Mildt sagt ei stor påkjenning og mykje blod. Etter at Tony frå plakaten får draumen sin oppfylt får han overnaturlege emner til å mane fram ein klovn som finn på mykje faenskap i heimen, blant anna å drepe barnevakta. Skulle du vere redd klovnar kan dette vere ein god skrekkfilm for deg.
Forutan innslag av slike rare hendingar så har Xtro lite å gå på. Håplause folk og uinteressant handlingsforløp er kjerna i filmen som i beste fall klarar å oppnå ei ubehageleg stemning som eg ikkje set pris på.
3/10
IMDb: 3.2/10 (929 votes)
Ã…ret etter Animal House fulgte H.O.T.S. i dei ideologiske fotspora til det som i ettertida blir rekna som blant dei ekte fedrene til collegekomedien. Unge, virile menn var blitt skifta ut med frisinna kvinnelege ungdommar, men konkurransennstinktet og skitne triks var framleis tilstades. (Les vidare under bilde).

Kunsten for å skape den gode collegekomedien er å få fram noko meiningsfullt blant innslag av beer pong og wet t-shirt contests. For eksempel kan det å få fram kor vanskeleg det er å vere ungdom, vere vrient nok, då mange problem vil framstå som enkle hinder for det eldre publikummet. Komediar som utelukkande klarar å levere humor på grunnlag av billeg, fysisk humor, og er fråverande mykje av det karakterbyggande, føles gjerne tomme og går lett i gløymeboka.
At H.O.T.S. er ein lite omtala film i ettertida har Ã¥ gjere med mangelen pÃ¥ tilknyting til karakterane. Det er lettare Ã¥ kjenne igjen jentene her pÃ¥ kroppsformene enn kva rolle dei spelar. HovudtrÃ¥den i filmen er av det slaget som me kjenner til frÃ¥ sÃ¥ mange collegekomedier, ei hemntok mellom eit tradisjonsrikt, men overlegent «hus» og eit slaskete eit. Det er ikkje her filmen taper terreng, men rett og slett at det verken er hjerte i filmen, eller kompetente skodespelarar for den saks skuld.
Forventingane var ikkje tilstades, så H.O.T.S. skuffar ikkje, men filmen er langt frå god, og heller ikkje anbefalt. Av rølpete collegekomedie er tilogmed dei fabrikkproduserte videofilmane til National Lampoon hakket betre.
3/10
IMDb: 4.2/10 (106 votes)
Hotel St. Pauli er ein av dei mest hata norske filmane nokon sinne. Det er òg ein av dei norske filmane som er vanskelegast å få tak i, i lag med den andre kalkunen Dis. Ja, det er i grunn dei fleste andre norske filmar som er laga. At Norsk filminstitutt er nær udugelege når det gjeld å få ut den norske filmarven til folket, er diverre ei mild underdriving. Kvaliteten på filmar som har kome ut, mellom anna gjennom samlinga Norske klassikere, er svært variert.
Det er mykje negativt å sei om Hotel St. Pauli, noko eit handlingsreferat ikkje kan fange. For i denne filmen skjer det så vanvittig lite i løpet av dei 105 minuttane den varer, at ei oppsummering heller latterleggjer filmen enn å kritisere den.
Filmane til Svend Wam og Petter Vennerød er godt kjent for ufrivillig humor, og heldigvis er ikkje Hotel St. Pauli eit unntak. Herleg dårleg skodespel og det drygaste av kinky sex du får på norsk film er stikkorda. Ja, òg så kjem hasjrøyking og kastrering like i ryggen.
Det einaste som er bra i Hotel St. Pauli, og då utelukkar eg den ufrivillige humoren, er musikken i brorparten av filmen og stemninga bruken av god musikk oppnår i ei skogsscene. Det er forresten i nemnde scene at Morgan (eine hovudrolla) spring rundt og ropar at han vil pule Gerda, før Gerda kappar av kuken hans og stikk til St. Pauli og blir sprøytenarkoman. Det er iallfall teorien min, for i forhold til tid heng dette tynt saman. Men i forhold til tidsbruk er filmen generøs. Litt som i 2001: A Space Odyssey er det mange og lange scener utan dialog her, hadde berre gleda av å sjå desse vore like stor.
Konklusjonen er at Hotel St. Pauli var betre enn forventa, men framleis er ein av dei verste norske filmane eg har sett. Den er så gjennomført elendig at det nesten har si sjarm. Få replikkar gjer at den legg opp til å kunne prate undervegs, og å kunne kommentere dårlege ting kan jo i og for seg vere artig nok. Men viss du ikkje har ei sann glede for dårleg film, har behov for å sjå Hotel St. Pauli i nokon samanheng, eller vil oppleve golden showers og ein bonde frå Nedre Eiker som onanerer på togstasjonen i Oslo, då kan du styre unna.
3/10
IMDb: 6.4/10 (22,969 votes)
Mayakalenderen skal ha det til at verda går under i 2012. Emmerich sitt forsøk på å gjere film av dette, er til dei grader utført på så klovnete vis at alle skeptikarar må ha ledd seg ihel før rekk å bli reddare. «2012» trengte ikkje vere så god for å fungere, gamle filmar som «When Worlds Collide» har drygare handling, men «2012» er så overausa med unødvendige klisjear, detaljar, og sirkus av spesialeffektar, både film og budsjett ville ha godt av ei «oppreinsking» i manus. Like den, den som vil, men «2012» er blotta for alt anna enn ufrivillig komedie.
3/10
IMDb: 7.8/10 (52,170 votes)
I fleire år har eg unngått å sjå «Airplane!». Nok ein gong viser det seg at eg burde latt tida gå vidare utan å sjå den. Usikkerheita eg hadde til filmen på førehand var identisk med ei eg har hatt altfor mange gonger før. Ei suppe av altfor billege slapsticks pregar filmen tungt, og desse som nok ikkje var gode når «Airplane!» kom ut har heller ikkje tålt tida. Halvannan time i helvete står som eit seriøst alternativ versus eit gjensyn. «Airplane!» er som Steve Martin på sitt verste. Så har Jim Abrahams også laga den grusame «Scary Movie 4».
3/10
IMDb: 5.1/10 (10,116 votes)
«Year One» er laga utan eit snev av kvalitet, eit omgrep som er vanskeleg å definere utan motstykke som denne filmen. Å gi den tre på skalaen har med ting som bilde- og lydkvalitet og hår igjen på skallen min å gjere, framfor at den har eit gram av godside ved seg. Jack Black har eit variert resumé, men vil trenge ein satans god film for å hente seg inn igjen i mine auger. Han er som filmen fråverande av spøkar. Dette er flaut, for meg, for Michael Cera, for filmbransjen, og for dei med ideen som har blitt tilintetgjort.
3/10
IMDb: 3.7/10 (10,866 votes)
Namnet og eit glimt av «Halloween» på TV-skjermen er einaste klare koplinga til franchisen eg kunne finne. Elles er dette verken Michael Myers eller Sam Loomis, det er heller ikkje bra. Jo vent, bildekvaliteten var god, musikken var småtøff, reint elles luktar dette rett-på-video. Det som gjer den muleg å sjå ferdig er det morosame i det dårlege, og dei periodane av filmen eg datt fullstendig ut og ikkje fekk med meg noko. All handling er forutsigbar som fy, men det ligg litt underhalding i den tekniske vinklinga i historia. Samanhengen til tittelen gjekk meg dessutan hus forbi, finst den?
3/10
IMDb: 4.4/10 (97 votes)
Thora Birch var stor i «Ghost World», men gjer ei like kjedeleg rolle i «Winter of Frozen Dreams» som filmen er kjedeleg. Den støttar meg opp pÃ¥ pÃ¥standen min om at «basert pÃ¥ ei sann historie» betyr lite eller ingenting. «Winter of Frozen Dreams» er dÃ¥rleg strukturert, ein rotete film som ikkje klarar Ã¥ bygge seg opp til slutten som filmen blir introdusert med. Det er umotiverande Ã¥ sjÃ¥ ein film der den kriminelle handlinga er uinterssant, ufullstendig framstilt, langt i frÃ¥ mystisk og aldri skikkeleg løyst. Eg hugsar ikkje kvifor eg skulle sjÃ¥ filmen, men gløymer den forhÃ¥pentlegvis snart.
3/10
IMDb: 6.0/10 (4,853 votes)

«One Crazy Summer» er one crazy drittfilm. Ramma er grei nok, men det står på karakterane i å gjere dette til ein god film, og omtrent ingen av dei er interessante. Du har Jeremy Piven i ei lita birolle som bidreg til at smilebåndet ikkje visnar heilt bort, men så har du Bobcat Goldthwait i ein av filmhistoriens mest irriterande rollar, synd å sei. Kjærleikshistorien er enkel, Cusack må velge mellom den hotte og den søte med personlegheit, og vel sjølvsagt «feil» først. Samtidig må han finne ut kva han skal gjere etter sommaren, ettersom basketballstipendet ikkje blei noko av.
3/10