Valley Girl (1983)

IMDb: 6.0/10 (4,784 votes)

Ein gong for lenge, lenge sidan, var Nicolas Cage ung. Året var 1983, då han debuterte i ei hovudrolle som Randy i ungdomskomedien Valley Girl. I 1982 hadde han fått skjermtid i Fast Times at Ridgemont High, og året før der igjen var han såvidt innom TV i Best of Times. Men med Valley Girl var han på plakaten for fullt.

Filmen omhandlar ein romanse mellom ei valley girl (Foreman) og ein fyr frå byen (Cage). Omgrepet valley girl oppstod kring ein stereotype middelklassejenter frå San Fernando Valley i California, og er ei type jente som mellom anna er oppteken av det materielle og er sjølvsentrert. Omgrepet har spreidd seg, men filmen tek plass i San Fernando Valley, dit Cage kjem i møte med Foreman på ein fest han og kameraten krasjar.

Romansen i vekst er den mellom to motsetnader, og i mellom dei står det meste av venner, uheldig trøbbel og eks-kjærastar. Det er altså duka for nok av intrigar, men dei to hovudrollane er diverre ikkje spennande nok personar til å gjere dette gripande. Til ei viss grad er stereotypane som Cage og Foreman portretterer ein artig observasjon i seg sjølv, men der filmen skal fange er det ei rift i garnet, og det blir like uinteressant som metaforane mine.

4/10

Modern Girls (1986)

IMDb: 4.8/10 (414 votes)

Tre jenter vimsar rundt på nattlivet, frustrert over utvalet av menn, og oppførselen til dei mennene dei får kontakt med.

Med Cynthia Gibb, Virginia Madsen og Daphne Zuniga i spissen, og Clayton Rohner på slep, tek «Modern Girls» oss med på ein kveld på byen med fort vil gløyme. Har du ikkje oversikt over kva desse skodespelarane har gjort, overraskar det ikkje. Sjølv kjente eg igjen Zuniga frå «One Tree Hill» og Rohner frå ein anna ungdomsfilm eg såg kort tid tilbake.

Middels kjente skodespelarar er sjølvsagt ingen hinder, men dette er ein keisam film som går under middels fort framover, handlar om lite, og heller ikkje klarar å få på plass noko kjærleikshistorie eg vil heie på. Reint bortsett frå å tenke ut kor eg har sett skodespelarane før, i byrjinga av filmen, er dette tamt, og det har problem med å fylle dei 80 minuttane filmen varer.

Eg kom meg likevel gjennom utan å ta livet av meg, og det at eg ikkje reiv av meg håret må vel òg svare for noko. Kall meg gjerne raus, men det blir ein firar på skalaen, mykje grunna samanlikning med andre trear-filmar innanfor sjangeren.

4/10

Miss March (2009)

IMDb: 4.9/10 (5,521 votes)

Etter Ã¥ ha trÃ¥la gjennom forslaga Itunes gir meg nÃ¥r eg besøker sidene til filmar eg likar i Itunes Store, sler det meg at grensa mellom kva filmar eg likar og kva som er søppel er tynn. Det er dÃ¥ først og fremst snakk om komediesjangeren og den amerikanske butikken — som tilbyr utleige og kjøp av filmar.

Etter å ha tråla gjennom butikken eit par gonger til, vippar eg over mot at Itunes gir blaffen i kva samanheng det er mellom filmar, så lenge dei ligg i kategorien komedie. Eller at dei er sortert etter utforminga av plakaten.

Vanlegvis er det lett å styre unna det verste, etter å ha sett min del film veit eg kva eg skal sjå etter for å få noko betre, og silingsprosessen startar gjerne ved synet av plakaten eller eit par sekundar inn i ein filmtrailer. No skal det òg seiast at eg gir mange filmane ein rettferdig sjanse, som har ført til eit par bortkasta timar i løpet av dei seinare åra.

Poenget mitt er, for i dette innlegget er poenget viktigare enn filmen eg skal komme til, at i blant så vil forsvarsverket rakne. Under desperat lyst på å sjå ein komedie i går kveld, utan å ha nokon liggande, og utan å ha lyst til å bruke så altfor lang tid på og finne noko, blei eg villeia av ein tittel som Itunes anbefalte meg. Ein tittel som Itunes har anbefalt meg sidan første dag eg tok butikken i bruk, og som eg lett har styrt unna tidlegare, men som i går tok meg med grepet til ei tradisjonell marknadsføring; den gjentakande påminninga av eit produkt. Eit produkt eg eigentleg ikkje har bruk for, men når eg stod der denne dagen og skulle velje, så tok eg det som verka kjent. Fordi det var så lett.

«Miss March» er filmen eg skal fram til. Og viss du ikkje trur pÃ¥ noko av det eg har skrive over, sÃ¥ har eg òg tenkt ut ei anna Ã¥rsak for deg til at eg sÃ¥g filmen, assosiasjonar til Playboy, ordet Unrated bak tittelen og ei halvnaken kvinne. Dette er det einaste filmen kan skilte med som korrekt av kva den pÃ¥stÃ¥r Ã¥ vere, for den oppfyller fÃ¥ av krava til Ã¥ bli ein kjekk film, men er heller som altfor mange middelmÃ¥tige komediar; to morosame scener og resten eit godt alternativ til Pzizz — programmet for PC/Mac/Iphone som skal hjelpe deg til Ã¥ sove. Eg kan ikkje pÃ¥stÃ¥ Ã¥ ha prøvd Pzizz og vite at det verkar, sÃ¥ eg ser ikkje pÃ¥ metaforen som snikreklame.

Eit søk etter «Miss March» pÃ¥ Rotten Tomatoes avslører ei rating pÃ¥ grusame 4%, og brukarane pÃ¥ IMDb har stemt den fram til heldige 4.9/10 — ein lur karakter som kan vippe i begge retningar, dÃ¥ 5000 stemmer som filmen har per i dag kan bety ei titals ulike meiningar av kva ein karakter stÃ¥r for. Personleg hamna eg godt under dette, «Miss March» er dÃ¥rleg pÃ¥ sÃ¥ mange felt at eg fort kunne ha gitt den 3/10. Det som fekk meg til Ã¥ revurdere var i hovudsak dei morosame scenene, som viss eg tenkjer meg om ein gong til, var meir enn to. Det var nokre stader eg blei sittande og le lenge etter scena var ferdig, det mÃ¥ bli nemnt.

NÃ¥r filmen nærma seg slutten og eg var sovna, sÃ¥ vil eg best skildre den som ei brødskive loff med syltetøy nok til ein einaste bit — nÃ¥r du nærmar deg ferdig med brødskiva (du brukar lang tid!) er sukkernivÃ¥et i kroppen din sÃ¥ lÃ¥gt igjen at du kjenner deg meir sliten enn nÃ¥r du starta.

4/10

Silent Night, Deadly Night (1984)

IMDb: 5.5/10 (2,627 votes)

silent_night_deadly_nightLuke nr. 2. Billy har ei traumatisk oppleving som barn, ei som involverer julenissen. Mens han slit med dette under oppveksten får han inga profesjonell hjelp, og det går som det går at det vippar over. Dette skjønnar ein innan det har gått eit par minuttar av filmen, og der ligg for så vidt det største problemet; hendingane er føreseielege til dei grader. Desse er det så mange av at den einaste gleda og julekos det er å hente her er nokre få, passe kreativt utforma drapssekvensar.

«Silent Night, Deadly Night» byrjar med barndomen, det er ingen mystiske sider ved Billy me aldri får vite. Alt er så oppe i dagen at det blir som ein tur i parken. Du skal òg vere ganske nervevrak om dette skulle skremme. Ein ting som ikkje manglar er komedie, Billy stadig vekk mumlande på «naughty» når han travar rundt i nissedrakt, samt rekorddumme offer er gøy nok. Det blir aldri bra nok til å gjere «Silent Night, Deadly Night» til ein god film, men det er ingen tvil om at det er nok tåpeleg og morosamt til å bli underhalde av.

4/10

G.I. Joe: The Rise of Cobra (2009)

IMDb: 5.9/10 (27,812 votes)

g_i_joe_ver11Litt spenstig CGI har aldri skada, men det er klart at resultatet blir skuffande når dette er det einaste «G.I. Joe» har å by på ved sidan av opptreden til Sienna Miller. Det er som om ramma for ein heilt kurant actionfilm er på plass, men den er fylt med dei verste klisjeane frå 1990-talet og aldri tek dei små originale vendingane som gjer at ein kan tru ein ser noko nytt. I ein duell står «Transformers» fram som ein klassikar. Så er ikkje formålet med «G.I. Joe» å bli eit meisterverk, men det er heller ikkje artig underhalding.

4/10

Observe and Report (2009)

IMDb: 6.4/10 (11,384 votes)

observe_and_report«Observe and Report» er ein sånn komedie verda ikkje treng fleire av. Det handlar om ei sikkerheitsvakt på eit kjøpesenter, og kampen hans for å bevise at han er dyktig. I beste fall kan det gå, men det går sjelden bra. Resultatet er ein film som ikkje klarar å skjule eit lite innovativ plot, og som verkar som eit holete lappeteppe av halvgode spøkar. Seth Rogen har lenge vore ein halvfavoritt i eit blomstrande komediemiljø rundt mellom andre folk som Judd Apatow, men må no bevise at han ikkje berre har vore heldig. «Observe and Report» er ikkje verdt tiden.

4/10

Halloween: Resurrection (2002)

IMDb: 3.9/10 (11,740 votes)

halloween_resurrectionSiste film i «Halloween»-serien før Rob Zombie køyrte ein omstart med nyinnspeling i 2007. «Resurrection» er klart den nest dårlegaste av filmane, og lenge eit slit å komme seg gjennom. Men så skjer det at filmen tek seg ørlite opp siste halvtimen, og klarar å bli, om ikkje god, så ikkje mykje dårlegare enn den femte og sjette. Filmen spelar på eit dårleg realitykonsept, lik «Big Brother» som var relativt ferskt og populært på den tida, men det blir meir komisk enn grøss og spenning. «Halloween»-magien som var tilstades i dei dårlegaste filmane (minus trearen), er også borte.

4/10

Road Trip: Beer Pong (2009)

IMDb: 4.6/10 (718 votes)

roadtripbeerpong«Road Trip» var ingen klassikar, og det vil aldri «Beer Pong» bli heller. Dei to filmane har lite anna enn DJ Qualls og ein road trip til felles. Dessutan er «Beer Pong» ein rett på video-film, noko som senkar forventingane betrakteleg. Ei gruppe collegestudentar skal komme seg til ei beer pong-turnering, og vegen dit blir trøblete. Filmen er uoriginal, forutan eit greitt forsøk på å forklare reglane rundt beer pong. Humor er forsøkt, men stort sett mislykka, du skjønar kva intensjonane er, men det er ikkje lagt sjel i arbeide, og filmen vil selge på namnet uansett standard.

4/10

Halloween: The Curse of Michael Myers (1995)

IMDb: 4.4/10 (7,534 votes)

halloween_the_curse_of_michael_myersSjette film i serien manglar alt av spenningsoppbygging, her er det nedslakting i full fart. Det er i mellom drapa det skal skje bra ting, men her er det mangel på stader å bruke godord. Paul Rudd er på sitt mest anonyme. Forsøket på å nauste i hop trådane frå dei forrige filmane er det mest minneverdige, men det blir påtatt og tamt. Donald Pleasance leverar nok ein parodi på sin tidlegare Dr. Sam Loomis, og det ein dårleg. Diverre døydde Pleasance under produksjonen. Altså er dette nok ein film det går an å hoppe over for ikkje spesielt interesserte.

4/10

Halloween 5 (1989)

IMDb: 4.5/10 (8,078 votes)

halloween_five«Halloween 5» vil bli hugsa for rekordmange gjentakingar av namnet Tina, og ein tynn historie som famnar om ein telepatisk link mellom Michael Myers og niesa hans. Dr. Sam Loomis begynnar så altfor tydeleg å bli gammal, og har gått meir over til å bli ein parodi på seg sjølv enn godt er. «Halloween 5» er ikkje spesielt god, og vil fort bli gløymt. Der «Halloween 4» hadde ein overraskande slutt klarar ikkje oppfølgaren å følge opp. Det endar opp med å bli ei håplaus jakt på Michael Myers som både varer lenge og er langt frå spennande. Tommel ned.

4/10
2 / 131234...10...13