Cop Out (2010)
tirsdag, juli 13th, 2010Å nå opp med ein politikomedie som Cop Out er, med den rollebesetninga Cop Out har, det skal litt til for å få til. Den lyse poltimannen, spela av Bruce Willis, har med seg den lystigare mørke, spela av Tracy Morgan. Willis har bevist at han er god purk tidlegare, mens Morgan er ein ekspert på å irritere. (Les vidare under bildet).

Kevin Smith står som regissør utan å vere manusforfattar denne gongen, og etter oppturen med Zack and Miri Make a Porno for to år sidan såg eg fram til Cop Out før kritikken byrja å hagle inn. På sitt beste leverer Willis og Morgan gode karikaturar av stereotypane dei fyller, men dei unngår å gro fast i desse rollane, samtidig har filmen ein del flotte vriar, samt ein porsjon latterframkallande augneblinkar.
I heilskap er derimot Cop Out lite nytt. Historia er ein lang klisje og det er for lenge mellom dei altfor få verkeleg gode augneblinkane til at Kevin Smith kan sei å ha tilført buddy cop-sjangeren noko nytt. Det er synd å sei, men både Jersey Girl og denne filmen, som er nesten nede på same nivå, som to av fire filmar frå Smith siste 6 åra, så må han verkeleg bevise seg i framtida. Dette er litt for midt på treet.

Forventingane til Snarveien var låge. Plakaten er billeg og kritikkane er varierande. Men krava mine til skrekkfilm er ikkje så høge, og eg sat meg ned i god tru på at filmen kunne underhalde.
Ian vil ha skilsmisse kona, Louise, og har tenkt å sei det i eit brev. Men Louise som kjem heim tidlegare enn det som var meininga, og får lese brevet mens Ian framleis er der, godkjenner ikkje dette.
Winston vaknar opp i ei sidegate utan å hugse kva som har ført han dit. Når han byrja å utforske nabolaget og snakkar med folk, hugsar han bit for bit, og det gjekk ikkje akkurat roleg for seg.
Første gong eg kom over plakaten til «Adventures in Babysitting» var eg rimeleg skeptisk til dette. Plakaten i seg sjølv er stilig, illustrert til og med, eit pluss i boka mi. Men tittelen, kva kalde grøss som gjekk nedover ryggen når augo las “babysitting”.
Corey Feldman og Corey Haim, eit legendarisk par når det kjem til tenåringsfilm på 1980-talet, sjølv om dei berre spela i tre filmar i lag før 1990.
Då eg for kort tid sidan hadde eit gjensyn med ein gammal favoritt innanfor katastrofesjangeren, vulkanfilmen «Dante’s Peak» med Pierce Brosnan og Linda Hamilton, kom eg like etter innpå «Twister» i ein samtale, og bestemte meg for endeleg å sjå den.

