Black Death (2010)

IMDb: 6.5/10 from 15,872 users

I 1348 kom svartedauen til England. Mange segna om som fluger, mens andre desperat prøvde å unngå pesten.

Vi møter Osmund (Eddie Redmayne), den ulydige munken. For personleg vinst oppsøker han kallet frå Gud. Dei som ser etter teikn frå over for å overbevise seg sjølv treng sjeldan vente lenge. Osmund sitt mål er å komme seg bort frå klosteret for å møte ei dame. Helst langt borte frå pestramma befolkningar.

Svaret frå over kjem til Osmund i form av gjengen til Ulrich. Ulrich blir spela av Sean Bean. Han er ein ridder på jakt etter ei trygg hamn, fri frå pesten. Det går rykter om ein landsby som ikkje er råka, og Ulrich treng ein vegvisar. Sånn har det seg at Osmund og Ulrich legg ut på reise.

Reisa blir både blodig og sjukdomsprega. Generelt er folk lite vennlege i Black Death. Det pregar filmen, som er både mørk og dyster i framtoninga. Med denne tematikken passar det godt. Blandar vi inn religionskonfliktane som er får vi ein film som er meir tidsrett.

Men filmen er ikkje ein artig blodsfest eller eit intenst drama. Han forsøker i blant på begge deler, men eg blir ikkje engasjert. Filmen tek seg god tid til små ting, til samtalar og triste ansikt. Inntrykket mitt i starten var at filmen skulle bli noko meir. Dette gjer at nokre sekvensar blir for lange og kanskje for grundige for filmens beste.

Black Death er god på karakterar. Grusomme personar som uansett religion eller ikkje, ikkje skyr nokon middel i kampen mot målet. Det blir den ærlege og direkte framstillinga av kven det måtte vere som hevar inntrykket av filmen til slutt. Filmen hadde noko han skulle formidle, men halta litt på vegen. Det var kanskje streben etter å vere så mørk og tøff som hindra han.

6/10

The Great Rupert (1950)

IMDb:6.4/10 from 316 users

Tjueførste luke i julekalender 2011 er ein film der pengar regnar frå over. I 2003 blei filmen fargelagt og fekk namnet A Christmas Wish. Det er den versjonen eg har sett.

The Great Rupert er så mangt, men først og fremst eit ekorn. Då den fattige eigaren Joe må flytte ut, slepp han Rupert laus i naturen. Rupert som trivdes i huset, flyttar tilbake på eiga hand. Same dag flyttar familien Amendola inn, like fattige folk som Joe. Men Amendola er heldige, ut av intet regnar det 1500 dollar.

Moralen til The Great Rupert er: Viss du lyg og håpar at pengar og rikdom skal dukke opp frå intet, så vil gode ting skje. Dette får meg til å like filmen. Filmar som ikkje skyr sannheiten om at løgn kan vere lønnsamt er ironisk nok ærlege. Det finst mange filmar som er inne på det same, men altfor mange som blandar karma inn. Karma er øydeleggande.

På overflata handlar The Great Rupert om eit julemirakel. Fattigfolk som opplever eit mirakel har større resonans rundt juletider. Eit tid då folk som har det bra får det betre, og kontrastane med dårlegare stilte blir større. Det blir difor lettare å svelge lykka i The Great Rupert.

Filmen er veva saman av songnummer, dansande ekorn i stop motion og ei kjærleikshistorie. Utført på ein trygg og enkel måte blir aldri The Great Rupert ei stor cinematisk oppleving. Det er òg lite av gleden og sorgen som smittar. Det emosjonelle stikk ikkje særleg djupt.

Eg nølar med å felle ein dom. Filmen var fin, men utbytte var lite. Det finst andre julefilmar eg heller vil anbefale. Men eit kanskje større poeng er at det finst langt fleire dårlege julefilmar enn denne

6/10

It’s a Very Merry Muppet Christmas Movie (2002)

IMDb: 6.4/10 from 1,394 users

Nittande luke i julekalender 2011 er det tredje The Muppets-innspelet i kalenderen, og den mest skikkelege filmen av dei. Med heile kjerna av den skikkelege gjengen, eit par gjesteskodespelarar og ein historie med ei byrjing, ein midtdel og ein slutt

Muppet-gjengen driv eit teater der Kermit er sjefen. Økonomien er såvidt og går rundt med lån, men når nye krefter tek over i banken truar han med å stenge teateret. Kermit møter si livs utfordring, og eit enkelt oppsett av eit nytt stykke ser ikkje ut til å vere nok.

I lag med tøydukkene gjer Joan Cusack, David Arquette og Whoopi Goldberg rollar i filmen. Scrubs-gjengen og Bill Lawrence stiller òg opp i eit innslag. Ingen av dei nemnte har fått skrive spesielt gode eller smarte rollar til seg, men resten av filmen er slettes ikkje verst. Han er enkel, men god på det ein Muppet-film skal vere, morsom på bakgrunn av dei fargerike tøydukkene. Når humoren er på plass og handlinga har fått litt av Scrooge i seg så er det nok til å bli ein underholdande julefilm.

6/10

While You Were Sleeping (1995)

IMDb: 6.5/10 from 30,989 users

Femtande luke i julekalender 2011 er ein typisk 1990-tals romantiske komedie: Sandra Bullock, storby og håplaus kjærleik. Ikkje overraskande er det òg ein lykkeleg slutt. Så det er ingen vits å late som det er spenning der.

Etter ei krass innleiing er det på sin plass å innrømme at eg har sansen for Sandra Bullock. I all hovudsak var det den avgjerande grunnen til at eg såg filmen. Ein annan grunn er at handlinga skjer rundt jul. Ein tredje er at julekalender til ei viss grad består av tilfeldige filmar trukke opp av ein hatt.

Vi har så Sandra Bullock som jobbar i billettluka på t-bana. Ho reddar Peter Gallagher frå å bli påkøyrt av eit tog. Men Peter hamnar likevel i koma. Mens han søv så lyg Sandra Bullock på seg ein forlovelse med han, familien hans blir lurt og det blir mykje styr.

Om ikkje det var nok så skal Bullock attpåtil vere ei fantastisk ung kvinne i side, daglegdagse og stakkarslege klede. Og kva er flottare enn tilsynelatande naturleg skjønnheit?

Men for å gå til filmen. Den er heilt grei, ikkje meir. Ingenting er nytt, ingenting er heller så godt gjennomført at While You Were Sleeping blir ståande som ein klassikar. Julestemninga eg jakta på i julekalenderen min var heller ikkje spesielt framtredande, men er ikkje utgjerande for karakteren eg gir på nokon måte.

6/10

Joyeux Noël (2005)

IMDb: 7.7/10 from 11,065 users

Trettande luke i julekalender 2011 handlar om julefeiring ved fronten under første verdskrig. Tyske, franske og engelske styrkar møtes i vinterkulda for litt champange, julemusikk og kos.

«Christmas pudding of a production tries to satisfy all and ends up pleasing none», skreiv Paul Byrnes i The Sydney Morning Herald dÃ¥ Joyeux Noël hadde premiere i 2005. Byrnes er inne pÃ¥ noko, sjølv om eg ikkje er heilt einig i at dette er ein pudding av ein film.

Joyeux Noël fortel om våpenkvila ved fronten i desember 1914. Hendingane er basert på ei sann historie som involverte rundt 100 000 soldatar. I filmen møter vi tre små troppar, med tyske, engelske og franske soldatar. Eit par hundre menn og berre ein brøkdel av totalen.

For å ta grunnane til at dette ikkje er ein pudding først. Joyeux Noël får fram den grusomme sida ved føsrte verdskrig. Det var i stor grad ein krig som handla om hyppig slakting i fronten. Over fem millionar liv gjekk tapt på slagmarkene. 1 poeng. Delen av filmen som handlar om julekos og sånt gjer eit viktig poeng ut av at folk er like. 1 julepoeng.

Grunnen til at Joyeux Noël er pudding er at den avgrensar hendinga til troppane i filmen. Det blir ikkje snakka om dei andre soldatane som gjorde det same. Vi får servert ei løgn som går på at maks eit par hundre var involvert. 1 minuspoeng for faktafeil. Det heile drar ut og blir for lystbetont til at eg klarar å svelge det som realistisk. Det handlar om premissane filmen lagar for seg sjølv. Filmen kunne ha vore forutan det romantiske innslaget. 0.5 minuspoeng.

Poeng, julepoeng om minuspoeng blir cirka 6 på ein skala frå 1 til 10. Eg blir aldri frelst, men annerkjenner at Joyeux Noël forsøker å røre.

6/10

Emmet Otter’s Jug-Band Christmas (1977)

IMDb: 8.2/10 from 1,276 users

Niande luke i julekalender 2011 er ein TV-film med The Muppets frå 1977. Basert på ei barnebok frå 1971 og filmatisert av Jim Henson med mindre kjente Muppet-figurar i rollane.

For meg er det ikkje eit ekte julefilmmaraton utan The Muppets. Søken etter ein film som kan avlaste den beste av dei alle, The Muppet Christmas Carol frå 1992, blir trappa opp att kvart adventstid.

Emmet Otter’s Jug-Band Christmas fyller ingen sko. Filmen skuffar litt fordi eg forventa Kermit, Miss Piggy og dei andre kjente. Dette skuldast dÃ¥rleg forarbeid. Sett forbi eigen urimelegheit er historia grei. Det handlar om ein fattig familie pÃ¥ to, og korleis dei kjem seg langt pÃ¥ vilje og emna til Ã¥ glede seg over det enkle. Ikkje overraskande er det flust av songnummer; i stor grad sjarmerande eller flotte.

Eg kom over skuffelsen. Emmet Otter’s Jug-Band Christmas er ein kort og flott julespesial. Sjølv om han aldri er ekstraordinær og heller ikkje er meir enn tidsfordriv.

6/10

The Hebrew Hammer (2003)

IMDb: 6.1/10 from 3,116 users

Sjuande luke i julekalender 2011 er sett til New York og sterkt inspirert av blaxploitation-filmen Shaft. I hodvudrolla som privatdetektiven Mordechai Jefferson Carver, med tilnamnet The Hebrew Hammer, er Adam Goldberg.

The Hebrew Hammer er laga av og for Comedy Central. Humoren er lett, fornærmande og grov, og ikkje overraskande basert på morsomheiter kring religiøse stereotypar. Det handlar om hanukkah, og korleis den onde sonen til julenissen skal forgifte unge jødar med julepropaganda. Målet er å ta knekken på hanukkah ein gong for alle. Mordechai blir leigd inn av Jewish Justice League for å stoppe dette.

I utgangspunktet er filmen artig. Trass i å vere sterkt inspirert av Shaft har han si eiga stemme. Regissør og manusforfattar Jonathan Kesselman går grundig til verks i å gjere narr av alt som har å gjere med hanukkah, kwanza og jul. Likevel er det ei viss respekt for høgtidsfeiringar som skin gjennom.

The Hebrew Hammer har trang til å understreke kvart einaste poeng. Det blir sjeldan morosamt når du stadig blir minna på at noko skal vere morosamt. Det blir som når ein komikar ler av eigne vitsar eller pausar fordi han forventar latter. Det blir ubehageleg. The Hebrew Hammer hentar seg litt inn igjen på eit innhald som ikkje mindre banalt enn formidlinga. Men resultatet er uansett ikkje topp.

6/10

Everything Must Go (2010)

IMDb: 6.5/10 from 7,768 users

Nick Halsey (Will Ferrell) mistar jobben sin og kjem heim til eit hus med nye låsar, alle eigedelene hans på plenen og eit brev frå kona om at han ikkje skal ringe ho.

Artig tenkte eg, dette verka lovande. Når Nick i tillegg er alkoholikar ligg det til rette for eit morosamt lite eventyr. Men etter Nick først set seg ned i lenestolen på plenen så blir han sittande der ut store deler av filmen. Han blir venner med eit par nye naboar, og dannar slike vennskap ein forventar at ei hovudrolle i ein rar liten film dannar.

Everything Must Go er verken overraskande eller spesielt underhaldane. Den er smått morosam, men tanken om å lage ein film om det meiningslause tilveret til Nick Halsey er nok det morosamast. Likevel om oppbygginga blir for enkel er holdninga til Nick underhaldande nok. Han drikk øl som han pustar luft og behandlar folk som han vil, ofte for direkte. Det går heller ikkje lenge mellom kvar vits, og dei er stort sett gode nok til at ein heller smiler gjennom brorparten av filmen. Dette kvalifiserar Everything Must Go til grei tidtrøyte, men minneverdig er den ikkje. Til det støttar den seg for mykje på ei uinteressant historie til å klare.

6/10

Green Lantern: Emerald Knights (2011)

IMDb: 6.8/10 from 1,522 users

Den andre Green Lantern-filmen i DC Universe Animated Original Movies-serien, om du ser bort frå Justice League-installasjonane, er historiane om dei grønkledde kollegaene til green lantern Hal.

Hal er ein av fleire green lantern-ar, og den vi har fulgt tidlegare i filmserien: Justice League: The New Frontier, Green Lantern: First Flight og Justice League: Crisis on Two Earths. I Emerald Knights blir vi fortalt bakhistoria til andre grøne ringberarar, mellom anna Kilowog, Abin Sur og Mogo. Historiane bygg opp til ein kamp på slutten, der vi får sjå alle delta i lag.

Sånn sett er Emerald Knights som ei samling kortfilmar sydd i hop med ei større historie. Bakhistoriane er passe spennande og fungerer godt når du veit at dei bygg opp før hovudhistoria. Men i det store og heile er ikkje hovudhistoria spesielt spennande, og er heller ikkje via mykje fokus før på slutten.

Vi blir fortalt om ei vanskeleg utfordring i Arisia Rrab si bakhistorie og får humore i Mogo si, og med dei andre folka i tillegg blir dette akkurat passe variert til å halde fram til slutten. Som vanleg må vi òg tåle store dosar eksplosjonar, flammar og røyk.

Emerald Knights ligg på eit forventa nivå med litt gøy, spenning og fint tempo. Men den når ikkje opp til dei beste i filmserien eller forgjengaren First Flight.

6/10

Conquest of the Planet of the Apes (1972)

IMDb: 5.8/10 from 7,487 users

Eg har skrive lite om førre møte med kvar enkelt Planet of the Apes-film under gjensyna eg har hatt med Planet of the Apes, Beneath og Escape. Grunnen er at innlegga skal stå på eigne bein i forhold til meiningane eg har om filmane i dag. Men med Conquest of the Planet of the Apes hadde eg ei merkbar betre oppleving denne gongen til at eg vil nemne det. Ved førre møte gjekk det berre nedover frå første filmen og utover, men denne gongen tok det seg betrakteleg opp frå Escape til Conquest.

Den positive overraksinga Conquest var har utspel i fleire faktorar. Nedturen med førre film og dei låge forventingane spela inn her. Og den splitter nye Rise of the Planet of the Apes låg i bakhovudet og eg var nok ekstra interessert i å finne likskapar mellom desse to origins-filmane. Og med emna til å la fantasien overstyre dei mindre realistike apekostyma, som eg samtidig meinar er godt laga, blir den brutale sida i handlinga til Conquest meir framtredande når eg ser den denne gongen.

Vi møter apen Caesar, barnet til Cornelius og Zira frå dei førre filmane. Caesar har blitt vaksen og har arva intelligensen og taleemna frå foreldrene, men som trussel mot samfunnet har han blitt halde skjult av sirkusdirektør Armando for å beskyttast.

Vi er forresten komme til tidleg 1990-tal, alle hundar og kattar har blitt utrydda av eit virus. Apekattar erstatta desse som husdyr, og tok etter kvart over lett arbeid som rydding, vasking og servering då dei viste seg intelligente nok til dette over tid.

Conquest er ein film om Caesar sitt opprør mot undertrykkinga apane opplever og er i prinsippet den gamle filmserien sin Rise of the Planet of the Apes. Utover opprøret er derimot forskjellige. Rise står på eigne bein med Conquest blir best med litt bakhistorikk, som vi har fått frå Planet of the Apes, Beneath og Escape.

6/10
1 / 461234...10...46