IMDb: 6.0/10 from 11,348 users
Beneath the Planet of the Apes kom to år etter Planet of the Apes og tek opp igjen tråden der førre film slutta. Apeplaneten får besøk av eit andre romskip, som reiste frå jordkloten kort tid etter Liberty 1 med Taylor (Charlton Heston). Kapteinen på skipet, Brent (James Franciscus), tek over rolla som protagonist og følgjesvenn med stumme Nova (Linda Harrison).

Brent stiller seg mange av spørsmåla som Taylor gjorde i første filmen, men gjennomgår ei raskare og meir venleg tilvenning til apane enn astronautkollegaen. Eit møte med Nova tidleg i filmen gjer det klart for han at Taylor er eller har vore på planeten. Ei tredje historie i Beneath er gorillaene i Ape City som har planlagt å gå til krig mot det som måtte eksistere i The Forbidden Zone, eit uutforska område for apane.
Som tittelen så fint røper vil søkelyset bli retta mot det som skjer under overflata. Filmen gjer det lurt i å halde fram med nye utforskingar, og avsløringane om kva planet vi er på frå første film får mykje å seie. Det tyder ikkje at Beneath er ein like god film som forgjengaren sin, men eg set stor pris på at fantasi framleis er sentralt i utviklinga av filmen. Den er ein fin miks av oppdaging og spenning. Måten vi blir leia over frå første filmen, og desse to heng i lag på, er òg tilfredsstillande nok.
Nova er eit kapittel i seg sjølv. Linda Harrison var følgjesvennen til Charlton Heston i første filmen og gjekk i mesteparten eit par steg bak han, posterte og såg stort sett berre pen ut. Denne rolla held ho fram med i større grad i Beneath. Ho har ein stor plass i filmen, men lite å sei for protagonisten og avgjerslene hans. Denne objektiviseringa av kvinna og måten apekatten Zira i offentlegheit blir tilsnakka av ektemannen Cornelius, er ikkje mindre enn fascinerande og kunne gjort seg i nærare studie.
6/10
IMDb: 6.1/10 (4,194 votes)
The House by the Cemetery er tredje instansen i Gates of Hell-trilogien til Lucio Fulci. Catriona MacColl (City of the Living Dead og The Beyond) og David Warbeck tek med seg ungen sin og flyttar ut på landet, til eit heimsøkt hus ved ein gravplass.

I den mest tradisjonelle skrekkfilmen i trilogien er det mystikk og frykt for det ukjente og usette som utgjer brorparten av skrekken. Folk held tilbake informasjon, ler av gamle historiar og står som hinder for dei sentrale karakterane tilsynelatande utan motivasjon. Slikt fremmar ein form for irritasjon som spelar på lag med den trykkande stemninga, framfor å bli ein negativ faktor som trekk ned filmen.
Tankane går til The Shining då Dr. Norman Boyle (Paolo Malco), mannen til Lucy Boyle (Catriona MacColl) ut i filmen blir konfrontert med at han vore i byen før, noko han ikkje har kjennskap til. Det kan ha og gjere med at huset ved gravplassen har ei historie med menn som blir sinnsjuke drapsmenn under opphaldet. Men der sluttar likskapen.
The House by the Cemetery fell i smak som den greie horrofilmen den er. Den har sine svakheiter, men dei blei skyvd til bakgrunnen av at erfaringane med dei to første Gates of Hell-filmane senka forventingane til mellom anna skodespel.
6/10
IMDb: 6.8/10 (6,943 votes)
The Beyond er den andre filmen i Gates of Hell-trilogien til Lucio Fulci. Den har ei meir utfordrande oppbygging enn førstefilmen og går lengre ut i det uforståelege, belønninga blir ein villare og stemningsmessig meir ubehageleg film enn City of the Living Dead.

Catriona MacColl har slått følgje vidare i trilogien og innehar hovudrolla i The Beyond som tilflyttar til ein sørstatsby, Liza Merril. Ho har arva eit hotell som vi i opningssekvensen får vite at er plassert på toppen av ein av sju portar til helvete.
Unødvendige Ã¥ poengtere, men likevel, sÃ¥ skjer det ein del skrudde saker pÃ¥ grunn av dette. Fantasien til Fulci (regissør) og Sacchetti (manus) er rik, og De Rossi (effektar/make-up) har ikkje hindra utløpet. The Beyond er ikkje ein film Ã¥ nyte middagen til. Trass i mange utbrot av «kva faen?» bÃ¥de pÃ¥ grunn av gørr og blod og snodige grep og vendingar i historien, er ikkje The Beyond sÃ¥ hinsides at den blir eit uangripeleg eksperiment. Det er nok til at filmen blir noko eige, men beheld ein raud trÃ¥d Ã¥ følgje.
The Beyond passar godt for tilhengjarar av det overnaturlege og brutale, blodige og grisete. Men kan òg bli sett på som ein god skrekkfilm med originale utfall, som ei inspirasjonskjelde til Quentin Tarantino eller ein Fulci-zombiefilm-spesial.
6/10
IMDb: 6.0/10 from 8,062 users
Sjølv om eg fekk sansen for at Larry Crowne prøver å vere laidback voksenkomedie, så blir Tom Hanks vs. Julia Roberts for anstrengt til å vere kult.

6/10
IMDb: 7.3/10 (56,664 votes)
Limitless er den type film det er vrient å skrive om. Det er lite som er dårleg nok til å gjere poeng ut av det. Det er òg få ting som er verdt å skryte av.

Det Limitless har er ein artig idé. Det finst eit narkotikum som gjer at brukaren får utnytte hundre prosent av hjernen sin, og vår protagonist i mangel på betre skildrande titlar får tak i dette.
Då protagonisten, Eddie Morra (Bradley Cooper), ikkje heilt har livet sitt på skinner i utgangspunktet går det fort oppover. Men det er for godt til å kunne vare.
Første timen er den beste. Eddie oppdagar den positive effekten, vi blir vitne til ei rags to riches-historie, og mindre hyggelege mennesker dukkar opp i livet hans. Men så blir det brått altfor klart at filmen ikkje har meir å spele på. Ei oppnøsting av trådane, ei løysing på problema og eit innblikk i framtida kjennes meir obligatorisk enn ønskeleg. Gnisten forsvann og den artige ideén var utspela.
Men eg får meg ikkje i frå å like Limitless. Den skal belønnast for potensiale og til dels for gjennomføring. Den består av fleire gode actionsekvensar og eit lite innblikk i ein menneskeleg natur som vi må følgje, men ikkje treng like til det fulle.
6/10
IMDb: 7.8/10 from 8,042 users
Les parapluies de Cherbourg består utelukkande av synging. Veldig fin historie, men sang (utan rim som her) blir slitsomt i lengda.

6/10
IMDb: 6.2/10 (38,931 votes)
Eg stilte med blanke ark til I Am Number Four. I ettertid har eg lese ein stad at I Am Number Four blir samanlikna med Twilight. Ved nærare ettertanke kan eg godt forstå at enkelte kan gjere det, men eg ser ikkje heilt poenget og synst dette var finfin ungdoms-sci-fi.

John (Alex Pettyfer) er eit romvesen, men ser ut som ein vanleg lydhuda amerikansk ungdom. Henri (Timothy Olyphant) er frå same planet som John, krigar av yrke, og har som oppgåve å beskytte John. Som vanleg så skjer det ting som eg ikkje gidd fortelje, og John og Henri hamnar på ein ny stad, der John overtalar Henri til å få lov og gå på high school.
Grunnen til forflyttinga er at onde romvesen frå ein annan planet igjen er på jakt etter John, som er nummer fire i ei rekke av romvesen med spesielle krefter.
Alt dette til side, John møter ei søt jente, får problem på high school, ditt og datt. I Am Number Four blir for meg som ein pilotepisode til ein eller anna high school tv-serie, som The O.C. eller liknande. Med eit utskudd i hovudrolla. Og det er nettopp dette som får meg til å fatte interesse for denne filmen. Den fungerer nok langt mindre som ein sci-fi-film, men som eit portrett av ein ungdom i nytt skulemiljø og romanse med jenta han eigentleg aldri skulle ha hatt sjanse på, så er dette kurant.
I Am Number Four er mest ein film for ungdommen eller sånne som meg, mindre for sci-fi-buffen. Så er det òg D.J. Caruso som har regien, den kan ein ha i tankane. Sjølv synst eg han behandla deler av den same ungdomstematikken på ein god måte i Disturbia.
6/10
IMDb: 7.9/10 (47 921 votes)
Rapunzel er fødd med fint lyst hår som lyser når ein spesiell song blir sungen. Når håret lyser blir den som rører det helbreda, ev. yngre.

Tangled er den Disney-animerte versjonen av eventyret. Fargerik, full av sang og dyr med menneskelege sjeler. Men samtidig dramatisk, eit nikk til karma og alt det andre som kan bli forventa.
For min del var deg artigaste med Tangled det som skjedde på sidelinja. Hovudhandlinga var gjennomført som eg forventa at den skulle, positivt meint. Men det var humoren i rolla til ein hest og ein kamelon som friska opp dette nok til at det var verdt dykket inn i prinsessesjangeren igjen.
6/10
IMDb: 7.1/10 (15,808 votes)
Etter innkjøp av boka Book of the Dead: The Complete History of Zombie Cinema har døra til verda av zombie-filmar opna seg endå meir for meg. Boka tek for seg historia om korleis zombiar blei gjort populære og har utvikla seg i filmen sidan 1920-talet.

The Return of the Living Dead dukka opp i tankane igjen når eg las boka. Eg byrja med første film for 4 år sidan, men kom aldri lengre. I tida framover skal eg følgje opp gjensynet med den første filmen med dei fire neste installasjonane.
Braaaaaains!! Return of the Living Dead er ein blodig og møkkete affære der dei levande gjennoppstår og byrjar jakte på fersk hjerne. Nokre kjemikaliar som stammar frå militær forsking er årsaka til zombieoppstaden som ikkje blir så lett å stoppe. Zombiane i denne filmen er dei raske og (relativt) smarte, og difor er det heilt ok at folk er litt dumme i blant, dei har uansett ikkje sjans.
Return of the Living Dead blir god av at zombiane ikkje let seg stoppe, dette fører til mange grusomme og blodige, gjerne over kanten, episodar. Uhell og mislykka forsøk på å stoppe dei gjer at den komiske filmen blir balansert med ei mørkare side. Det er ikkje ein seriøs film på nokon måte, men den er heller ikkje tåpeleg.
6/10
IMDb: 6.6/10 (5,678 votes)
Hadde eg blogga like hyppig i dag som eg gjorde for nokre Ã¥r sidan, hadde det kome fram at Chevy Chase-filmar er ein gjengangar for tida. Ã…rsaka er Community, college-komedien til NBC om ei gruppe ulikt kulturelt betinga studentar i alle aldrar som har hamna i same lesegruppe pÃ¥ eit offentleg college. Chevy Chase spelar pensjonisten og den minst likte i gruppa — den interne skurken.

I Foul Play møter vi ein ung Chase, fersk i frå Saturday Night Live er dette debuten hans i spelefilmen. Heltinna Gloria Mundy i filmen er Goldie Hawn og sjangeren er krimkomedie. Chase spelar politietterforskaren Tony Carlson som blir innblanda i livet til Gloria, etter at ho ufrivillig har blitt blanda inn i ei mindre kjekk sak, litt drap og konspirasjonar og sånt.
Humoren er noko nedtona. Foul Play er morosam utan å prøve for hardt. Chase er med å bidra til at dette føles gjennomført, med sine nochelante og tilbakeholdne veremåte og lune komedie. Det same er Goldie Hawn, som i tillegg til sitt søte ytre, hjelpeslause situasjon og uoppmerksame seg er ei kvikk, morosam og fullkomen kvinne.
Plottet er ikkje spesielt spennande, og er i lag med lengda på 20 minuttar for mykje, den svake sida til filmen. Men det er over gjennomsnittleg godt gjennomført og underhaldningsverdien er der den skal vere, tilstades.
Foul Play er ein film eg først og fremst vil hugse på grunn av kjemien og rollane til Goldie Hawn og Chevy Chase. Alt det andre vil og er allreie i ferd med å forsvinne.
6/10