IMDb: 7.6/10 from 10,136 users
The Inbetweeners Movie er knall! Sikkert best viss du har sett serien. Frekk humor. Fyllekuler. Likandes karakterar. Ei god blanding.

IMDb: 7.6/10 from 10,136 users
The Inbetweeners Movie er knall! Sikkert best viss du har sett serien. Frekk humor. Fyllekuler. Likandes karakterar. Ei god blanding.

Terri har blitt promotert som ein indie-type komedie om ein rar og overvektig outsider, men er i mindre grad ein komedie enn eit drama. Filmen har eit sterkare grep om seriøst drama enn namn som John C. Reilly på rollelista kunne få ein til å tru. Det sagt, filmen er ikkje blotta for humor.

I Terri følgjer vi Terri, spela av den heller ukjente Jacob Wysocki, viss tv-serie Huge er blant få tidlegare produksjonar. Terri bur hjå ein sjuk onkel, portrettert av Creed Bratton frå The Office som gjer ei god seriøs rolle, til tross for at eg med mange sesongar av The Office i bagasjen automatisk leitte etter komiske avbrekk. Terri går i pyjamas på skulen og har få eller ingen venner. Han ser ut til å skilje seg ut frå andre ungdommar, men er verken barnsleg, dum, drittsekk, mobbeoffer og manglar heller ikkje sosiale antenner. Terri høyrer ikkje heime blant stereotypane, og er smått udefinerbar. Skal ein tykkje synd i han eller le i lag med det han gjer?
Ein litt trist undertone og tema om å vere offer for manglande oppfølgjing i oppveksta og mangel av nære venner, tek ikkje fullstendig over filmen. Rektor på skulen til Terri, Mr. Fitzgerald spela av allsidige John C. Reilly, har teke på seg å følgje opp sosiale avvik. Gjennom små samtalar på rektorkontoret og med ein etter kvart utvida omgangskrets gjennomgår Terri ein knapt synleg, men viktig transformasjon mot å bli meir vaksen.
Ei fin og involverande historie, hjulpe fram av gode skodespelarprestasjonar gjer Terri til ein solid film. Den går aldri for langt og held seg truverdig, men avgrensar også seg sjølv til å innehalde minimalt nytt og spennande frå andre liknande filmar. Sjå på det som ein meir moden variant av den typiske indie-filmen, og den held seg. Men for å bli den ultimate filmen manglar derimot Terri fleire emosjonelle triggerar og meir handling eller sterkare dialogar.
All-Star Superman er det beste som har skjedd DC Universe Original Animated Movies sidan.. vel, i fjor. Grant Morrison har forfatta og Frank Quitely har teikna den supre teikneserien, som er del av All-Star imprint, historiar som ikkje tilføyer seg kontinuiteten til DC-universet. Resultatet er ei tilgjengeleg historie som heller ikkje er ei origins-historie. Og no er den blitt film.

I dei tidlegare teiknefilmane som har blitt gitt ut under banneret DC Universet Original Animated Movies har handlinga vore fullspekka med større og mindre trådar, noko som har resultert i høgt tempo og mykje spenning. All-Star Superman er ingen unntak. Den raude tråden gjennom filmen er den forfallande helsa til Supermann som følgje av høg eksponering for solenergi. Sjølv med mange avstikkarar undervegs, som introdusering av fleire monster og besøk frå Krypton, lykkast historieforteljinga å inkludere alt utan å miste fokus.
Men det er Lex Luthor som er den store skurken, og filmen er spesielt god på dialogane mellom han og Clark Kent/Supermann. Vi får eit innblikk i motivasjonen til Lex, og det gjer seg godt i ein teiknefilm med monster og slossing. Når intellekt blir like farleg som rå kraft får trusselen ein heilt anna dimensjon.
All-Star Superman er god film å sjå om du vil ha ei Supermann-historie, men ikkje vil bry deg med å setje deg for mykje inn i universet. Eller du kan lese teikneserien, den er også god.
The Adjustment Bureau er regidebuten til George Nolfi, manusforfattar på The Bourne Ultimatum og The Sentinel. Det er ein vellykka adapsjon av ei Philip K. Dick-novelle, ein forfattaryndling i Hollywood som kanskje er mest kjent for å ha skrive romanen som Blade Runner og novella som Total Recall har sine utspring frå.

At dette er ein vellykka film er ikkje opplagt. Den bygg på eit romantisk møte og eit kontrollorgan som styrer skjebnen til menneska. På papiret er utfoldinga av denne kombinerte historia rett fram og ikkje fullt så spennande, men gjennomføringa med rett timing og nok dveling ved dei rette dilemma gjer at filmen får ein suggerande effekt.
David Norris (Matt Damon) er protagonisten. Han er nære ved å bli vald til senator, men øydelegg for seg sjølv. Like etter nederlaget møter han Elise Sellas (Emily Blunt) som han blir forelska i ved første møte. Desse to episodane blir til to parallelle trådar som filmen bygg på, og felles for dei er at the adjustment bureau, ei høgare makt som eg skal røpe lite om, må hindre at desse handlinga får feste og utvikle seg.
The Adjusment Bureau er ei fin blanding av sci-fi, thriller, romantikk og litt action. Den har ei langvarig og interessant oppbygging og vekslar fint mellom det som skin gjennom glanspapiret som ein mytologi frå Philip K. Dick og det som er meir konvensjonelle studiofilmgrep og emosjonelle krokar for publikum å hekte seg på.
Samtidig som filmen er sprek og tidvis vekker nysgjerrigheiten så er det mangel på dei største augoblikka som kunne ha definert filmen som viktigare enn rein underhalding.
Super 8 er eit action-kalas frå J.J. Abrams, forma etter Spielbergske grunnprinsipp. Ein underhaldande kinofilm med valdsame spesialeffektar, barn i hovudrollane og familie i oppløysing som deler av problematikken.

Super 8 er ein ellevill barnefilm (aldersgrense 11 år). Etter at eit tog med mystisk frakt sporar av i ein småby i Ohio, kjem militære og snur kvardagen for innbyggjarane opp/ned. Rare ting byrjar å skje, og midt oppi det heile møter vi Joe og vennene hans, som var tilstades då avsporinga skjedde.
Handlinga går føre seg i 1979. Mangelen på direkte informasjonsflyt legitimerer til ei viss grad forvirringa og bygg opp under det mystiske som skjer. Dette eg òg tilbake til ei tid då filmar som Close Encounters of the Third Kind og E.T.: The Extra-Terrestrial kom ut, Spielberg-filmar som Super 8 har fleire fellestrekk med.
Gjennom Joe og vennene ser vi filmen frå ståstaden til barn. At det som skjer er overveldande scener i utgangspunktet, blir berre forsterka av dette og til dels humoristiske vendingar. Replikkane som blir slengt fram og tilbake er gjort med presis timing og poenga er som regel tatt på kornet.
Fram til siste del av filmen er Super 8 intet mindre enn lett å bli oppslukt i. Det er når klimakset nærmar seg og avrundinga byrjar at den snille sida ved filmen viser seg å vere i overkant. Klisjeane blir for tydelege og legg seg oppå kvarande ein etter ein, og eg mistar heilt interessa for å følgje med, ettersom det blir så altfor opplagt kva veg det vil gå.
Etter suksessen med Zombi 2 gjekk Lucio Fulci i 1980 vidare til Ã¥ byrje pÃ¥ det som har blitt kjent som Gates of Hell-trilogien. FrÃ¥ 1980 til 1981 kom Paura nella città dei morti viventi (City of the Living Dead), E tu vivrai nel terrore – L’aldilà (The Beyond) og Quella villa accanto al cimitero (The House by the Cemetery). Filmane inneholdt levande døde, tok opp det okkulte og er kjenneteikna ved Ã¥ utfordre tradisjonell historieforteljing.

Etter at ein prest heng seg sjølv i småbyen Dunwich, byrjar merkelege ting å skje. Folk forsvinn og nokre dukkar opp igjen døde, skremt i hel. Parallellt med hendingan ei Dunwich følgjer me Mary (Catriona MacColl) som i ein seanse vitna sjølvmordet og har blitt innforstått med at portane til dødsriket er i ferd med å opnast. I lag med journalisten Peter Bell (Christopher George) prøver ho å finne ut kva som skjer.
City of the Living Dead er rik på stemning og ubehag. Tankane gjekk til Kubrick-klassikaren The Shining, der ein blir sittande å vente på det som er rundt neste hjørne. Nedtoninga, nesten fråveret av humoristiske element gjer at splatter-effektane bygg opp under ubehaget heller enn å bli hysteriske. Musikken til Fabrio Frizzi, komponisten som Fulci hadde med på Zombi 2, pakkar filmen inn i eit rikt teppe av passande tonar. Det gjennomgåande tema blei gjenstand for nynning i ettertid.
Skodespel i særklasse er fråverande i City of the Living Dead, som òg manglar eit fengslande handlingsforløp. Det er Fulci sitt pådriv til å gjere dette på sin eigen måte og heller ikkje sky originale vendingar som gjer dette verdt tiden. At alt som skjer ikkje nødvendigvis skal ha noko djupare meining er med på å byggje opp under det uføreseielege. På ei heilt anna side er filmen rik på varierte frampeik som gir sjåaren stadige belønningar om ein følgjer med.
Film nummer to, The Beyond, skal vere hakket meir spesiell og er den filmen i trilogien eg har dei største forhåpningane til.
Det har gÃ¥tt ti Ã¥r sidan Harry Potter and the Sorcerer’s Stone blei film. I løpet av dei ti Ã¥ra har Emma Watson fylt 18 (19, 20 og 21), Daniel Radcliffe har fÃ¥tt tredagarsskjegg, Richard Harris har gÃ¥tt bort og CGI-en har teke eit steg i rett retning. Med andre ord har serien vakse opp pÃ¥ sÃ¥ mange mÃ¥tar.

Med oppveksten har behovet for å fortelje meir kome snikande, og då den tjukke sisteboka skulle bli film måtte det bli i to deler. Sjølv med full forståing for at det trengs tid for å skildre handlingsforløpet i Deathly Hallows: Eg er lite glad i oppdelte filmar, spesielt når dei høyrer så i lag som Part 1 og Part 2 av Deathly Hallows. Dette var grunnen til at eg venta til no i juli med å sjå Part 1, som eg ikkje har skrive om.
Part 1 har ikkje all verdens med fart, men meir av den trykkande stemninga og ei spenning i vissa om at noko vil skje. Den er 2.5 t lang, men kjennes ikkje så lang ut. Som ein film ein er nøydd til å betale 120 kr for å sjå i 3D er den meir ei forpliktande handling enn tilfredsstillande. Difor såg eg den heller i heimen for første gong nokre dagar før Part 2, og det fungerte greitt.
Part 2 er filmen det meste skjer i. Her kjem du kjem tettast inn på karakterane og får passe med lyssparkling og svinging av tryllestavar. Sidan eg har lese boka mista eg spenning ved å vite kva som ville skje, og eg merka at dette gjekk utover inntrykket filmen gjorde. Likevel leverer Deathly Hallows varene og er ei flott avslutting på eit 10 år langt filmeventyr. At vi har sluppe for mange utskiftingar på vegen og at kjerna har vore den same er uvurderleg i samanhengen.
Ein film skal stå på eigne bein og må ta sine kunstnariske avgjersler for å fungere, uansett om den er basert på ei bok eller ikkje. Difor er det vanskeleg å gi ei skikkeleg tilbakemelding på filmen med alle tankane frå boklesinga surrande omkring. Slik eg opplevde Part 1 og Part 2 som ein film var det at den skulle gripe om veldig mykje, og at den i totaltid ikkje ligg så altfor langt unna tida det tok å lese boka, men ligg eit stykkje unna i å fremme alvoret.
Men all kritikk tilside, inkludert at dette var fullstendig meiningslaust å sjå i 3D, så er dette ein av dei beste filmane i serien. Undervegs reagerte eg ikkje på anna enn at 3D-en var meiningslaus, og i ettertid er det pirk omkring valet av format og boksamanlikning eg har sett mest på. Serien i seg sjølv er samla sett ei fantastisk reise i tid og fantasi der ein blir kjent med, om enn fiktive, så utrulege menneske og skapningar. Bøkene kan varmt anbefalst, det same kan filmane.
Etter filmar som Two for the Money, Sahara, How to Lose a Guy in 10 Days og Ghosts of Girlfriends Past har eg ikkje det beste forholdet til Matthew McConaughey. Men litt trua etter We Are Marshall og ein god porsjon nysgjerrigheit som følgjer av godorda The Lincoln Lawyer har hausta, gjorde at eg valgte det rette og såg filmen.

I The Lincoln Lawyer møter vi advokat Mick Haller (McConaughey), ein munnrapp, smart og kreativ advokat med stort hjarte. Han får tildelt ei sak, som knyter seg til ei anna sak, møter folk som er involvert på kvar sin måte, og så er det nokre problem som må løysast. Ingen vits å gå i detaljar her.
For å gå rett på sak, det flotte med The Lincoln Lawyer, forutan ei rolle som er skreddarsydd McConaughey, er korleis vi som publikum får servert ei passe smart historie som filmskaparen veit akkurat korleis dei skal utfolde over tid. Her er det ingenting som er påtatt innvikla, får oss til å vere den dumme sjåaren eller blir lagt opp som altfor opplagt. I tillegg har filmen ein gjennomarbeida stil. Miljø og visuelle grep passar godt i lag. Og ikkje minst er dialogane i denne taledrivne filmen stort sett velformulerte og interessante.
Med tanke på historien ser eg ikkje på dette som ein utan vidare fantastisk eller nyskapande film, men den er godt gjennomført.
Source Code minnar meg litt om ein episode av Lois & Clark: The New Adventures of Superman. Mr. Mxyzptlk, ein skurk frå den femte dimensjonen, kjem til Metropolis og lagar ei tidssløyfe som får julaftan til å gå igjen og igjen.

Ein av grunnane til at Source Code fungerte for meg var at eg visste lite om den på førehand. Eit par ord her og der gav meg eit inntrykk av at folk likte den, historien visste eg mindre om, men ein par ting snappa eg opp. Dette er grunnen til at eg innleiingsvis nemner Lois & Clark og tidssløyfer. Source Code handlar ikkje om ei tidssløyfe i den forstand, men prinsippet med å oppleve den same hendinga gang på gang er sentral i filmen. Og dette er i grunn alt eg vil røpe om handlinga.
Source Code er elles ein sci-fi-film som bryr seg fint lite om å tilnærme seg vår realisme. Den utfordrar oss til ei viss grad på ulike stadium av bevisstheiten til hovudpersonen, men prøver aldri å gå så langt som og oppnå forvirringa som nokon opplevde i Inception (ein heller ukomplisert film spør du meg).
Grunnar til å sjå Source Code er at det er ein actionfilm med litt meir historie enn det enklaste der ute. Den kokar ned til ein mindre komplisert affære, men er likevel tilfredsstillande nok. Lengda er nær sagt perfekt og den har eit driv nesten heilt til ende.
Take Me Home Tonight er min type film. Den hedrar 80-talskomedie gjennom visuelle grepa til meir strukturelle, og får meg til å sitje igjen med kjensla av å ha sett ein faktisk 80-talsfilm.

Matt Franklin (Topher Grace) veit ikkje kva han vil med livet. Etter utdanninga har han flytta heim igjen og jobbar midlertidig i ei videosjappe. I første møte med high school-crushet Tori Frederking (Teresa Palmer) på fleire år, lyg han på seg å ha ein solid finansjobb. Løgner er eit kjent plot frå 1980-talskomedien, som i f.eks. Just One of the Guys der den kvinnelege protagonisten kler seg ut som ein gut for å vere med på fotballaget som undercover journalist.
I nær framtid frå møte skal typen til tvillingsøstra til Matt halde sin årlege reunion-fest for dei som gjekk på high school samtidig. Dit skal Tori, dit skal Matt, og dit skal også sidekicket til Matt, Barry Nathan (Dan Fogler).
Med løgner som grunnlaget for eit bekjentskap som i hovudsak byggjer pÃ¥ dei sanne personlegheitene til Matt. Med ein kick ass fest. RÃ¥ 1980-talspop. Og ei gigantisk jernkule som er filmens «overdrevenheit», utan at eg skal avsløre for mykje. Ã… overdrive er nesten utan unntak ei greie i 1980-talskomedien, som allsangen i paraden i Ferris Bueller’s Day Off. Take Me Home Tonight har dei viktigaste elementa, og formidlar ei lett og humoristisk stemning. Den er ikkje spesielt djup, men heller ikkje kritisk og moraliserande.