Atlas Shrugged: Part I (2011)

IMDb: 5.5/10 from 3,200 users

Atlas Shrugged: Part I leverer ei velfungerande oppbygging og eit godt premiss for resten av (den forhåpentlege) trilogien.

8/10

Drive (2011)

IMDb: 8.3/10 from 50,735 users

Drive er ein solid film med god musikk, høg spenningsfaktor og høg stilfaktor.

8/10

Papillon (1973)

IMDb: 8.0/10 from 35,345 users

Storslagen rømningsfilm, men samtidig med lite glamorøst preg. Bra av Steve McQueen, ok av Dustin Hoffman.

8/10

One Week (2008)

IMDb: 7.1/10 (1,968 votes)

Kva ville du gjort viss du berre hadde ei veke igjen å leve? Om du framleis var oppegåande, men fekk vite at du hadde ein aggressiv krefttype som ville krevje at du kom deg til behandling før veka var omme, viss du i det heile skulle ha ein sjanse. Det er denne situasjonen Ben (Joshua Jackson) brått ein dag hamnar i. Og til spørsmålet er svaret til Ben å kjøpe seg ein motorsykkel og køyre vestover.

One Week har eit alvorleg bakteppe, men endar like fullt opp med å bli ein vakker film. Ein road-trip vestover, med utgangspunkt i Toronto, betyr Canada og spektakulære omgivnader. Men sjølv om naturen byr på sitt og turen på motorsykkel er eit eventyr for seg, er det å følgje Ben dette dreiar seg om.

Ben gjennomgår noko som dei færraste har opplevd, og filmen prøver ikkje å forenkle det som skulle gå fare gjennom tankane hans. Ulike stadier for korleis han taklar situasjonen glir over i kvarandre og framstår som udefinerte og tidvis blanda. Han er på rømmen, samtidig som han søkjer mot noko.

Det er både ein sterk film og ein film som tematikken i betrakning er lavmælt. Det er sterkt å sitje tilbake og den brå forandringa i Ben, samtidig som eg har ein forståelse for motivasjonen hans. At filmen ikkje går inn for å formidle dei tyngste sidene ved ein kreftdiagnose, gjer at det er ettertanken og ikkje nødvendigvis tanken undervegs som er den dystre. Ein positiv måte å behandle tema på, som gjer filmen meir vennleg.

Det er jo trass alt snakk om ein road-movie, og for mitt vedkommande er det då viktig med ei kjensle av eventyr og spenning på toppen av alvoret.

8/10

Skjult (2009)

IMDb: 6.0/10 (736 votes)

Norsk skrekkfilm, eit kapittel for seg sjølv. Det same må bli sagt om Kristoffer Joner. Og nok ein gong, seks år etter Villmark, er desse to gjenforent i tilsynet av Pål Øie.

Ei dyster lita bygd med ei tragisk historie, eit gammalt hus på ein bakketopp og ein mann som kjem heim igjen for å gravleggje si avdøde mor. På sitt beste har Skjult litt av den trolske stemninga frå Twin Peaks og den pressande atmosfæren frå The Shining. Mørke granskogar, fossefall, personar med uvisse motivasjonar og eit mørkt hotell er med på å framheve dette rundt mannen.

Mannen (Joner) er som dei fleste andre rollefigurane i filmen, ein person som er vrien å få heilt tak på. Han har ei fortid som blir halde delvis tilbake, og trass i at bygda er ei lita ei, er historia og sambandet hans med dei andre på staden, vag på sitt beste. Alt dette er gode ting, ein god skrekkfilm er ofte ein som skjuler informasjon i staden for å blottlegge.

Lenge er Skjult med på å gi gåsehud, med pirrande sekvensar som involverer den tradisjonell knirkinga og dei lange skuggane. Få av rollefigurane er irriterande idiotar som er skapt for å tulle ting til, og fleire av dei gir minimale innsyn i historiene sine. Men igjen kan tilbakehaldinga av detaljar vere ein fordel, både for å avgrense avstikkarane og potensielt utvide universet til filmen med uvissa.

Eg har vore raus med godorda. Dessutan har eg gitt filmen ein høg karakter. Det betyr ikkje at Skjult er fri frå feil. Kanskje har eg vore for raus, for bak det som til sjuande og sist berre er eit tal, er ein film som trass i rik stemning dør litt ut når innspurten nærmar seg. Dette har ikkje med at filmen manglar fart og spenning, noko du ikkje bør vente deg mykje av, men andre ting. Ting eg sjølvsagt ikkje har tenkt å nemne.

Sluttresultatet blir likevel ein av dei betre norske skrekkfilmane til dags dato. Ein som har gått inn for å dyrke gåsehud og spare inn på blodbudsjettet. Rollefigurane og prestasjonane bak desse er kanskje ikkje det mest sentrale ved filmen, men dei er då heller ikkje svake.

8/10

Secondløitnanten (1993)

IMDb: 6.6/10 (182 votes)

Då Espen Skjønberg spela i lag med Bjørn Sundquist i En håndfull tid, kunne eg ha vore begeistra. Møte desse to i mellom, i Secondløitnanten, er nettopp det eg den gongen kunne ha tenkt meg.

Hans Petter Moland har samla fleire solide skodespelarar til denne norske krigsfilmen. Me flyttar oss til tilbake i tid, til tyskarane sin invasjon av Noreg, og følgjer ein eldre sjømann som vervar seg til dei norske forsvarsstyrkane. Espedal (Skjønberg) blir sett ned på grunna alder og bruken av ei datert rang, men beviser seg sjølv som ein ekte fridomskjempar.

Espedal er ein person som er lett å like i ei hovudrolle. Han er ein helt, men har sine feil, utan at han må oppføre seg som ein idiot for å vise ei slik side. Filmen består i all heilskap av veldig få episodar ein stille spørsmål til, og får fram både realitetane i ei enkelt motstandsgruppe og situasjonen i landet. At me veit utfallet betyr ikkje noko i negativ forstand, men gjer heller at historia kan forteljast på ein lysare måte, då mørke uansett lurer i bakgrunnen. Nettopp dette gjer Secondløitnanten til ei tidvis lystig, ikkje useriøs, forteljing.

8/10

Desert Flower (2009)

IMDb: 7.1/10 (183 votes)

Turen innom Kosmorama, Trondheim internasjonale filmfestival, blei kort i år. To filmar blei sett, men det var to gode filmar!

Favoritten min blant «Air Doll» og «Desert Flower», blir sistnemnte. Ei filmatisk skildring av livet til supermodellen Waris Dirie, frå oppvekst til gjennombrot. Med Liya Kebede i hovudrolla, har regissør Sherry Horman bygd opp filmen der notida er situert rundt gjennombrotet i London, medan tilbakeblikk fortel den lange vegen dit.

«Desert Flower» er ikkje ein typisk lykkeleg film, og innslag frå den glamorøse verda til modellane er heller få og lettar stemninga, enn å prege historia i filmen. Temaet som blir behandla er det om kvinnemishandling, omskjering og Waris Dirie si rolle som den mishandla, og seinare ei av dei som blei den sterke stemma som gjorde verda merksam på situasjonen i Somalia.

Det kan høyrast ut som dette er ein tung film, med så tung tematikk å ta tak i. Men med stødig hand, har Sherry Horman lagt inn stadige komiske avbrekk, av den nedtona typen som aldri risikerer å trekkje ned seriøsiteten til resten av filmen. Resultatet har blitt ein film som går under huda på deg, får deg til å tenkje, men ikkje etterlate deg i ei sky av håpløyse.

Som pluss er «Desert Flower» pakka inn i ein god lydmiks og har flotte bilde, den forsvarar lengda på 2 timar og kjem, trass i tekniske problem under visinga, ut av det heile som ein sterk film. Takk, Kosmorama.

8/10

Fantastic Mr. Fox (2009)

IMDb: 8.2/10 (9,438 votes)

Har du sansen for Wes Anderson, som mellom anna har laga «The Royal Tenenbaums» og «The Life Aquatic with Steve Zissou», så bør du få med deg «Fantastic Mr. Fox».

Anderson har eit auge for detaljar og viser dette på ein tydeleg måte, utan at det går på bekostning av flyten i filmen. Verken dette eller andre kjente estetiske grep manglar når han med «Fantastic Mr. Fox» har gjort sin første animasjonsfilm, i stop motion.

Karakterar og replikkar er òg eit resultat av det som ikkje kan vere anna enn full kontroll av Anderson under produksjonen. Historia til Roald Dahl, som filmen er basert på, forblir likevel alltid det viktigaste. I lag utgjer alt dette det meste ein kan forvente av ein slik film.

Det som held denne i frå å bli ein endeleg film, er at den på fleire område er for lik «The Life Aquatic with Steve Zissou», og gir inntrykk av å vere ein kopi i animert form. Personane og forholdet dei i mellom, dei estetiske grepa, forteljarstilen. Å unngå ei samanlikning er umogleg, og eg held ein knapp på «The Life Aquatic». På ei anna side er det slik som dette eg gjerne vil sjå Wes Anderson lage film.

8/10

White Christmas (1954)

IMDb: 7.2/10 (6,833 votes)

white1july08Luke nr. 24. Tolv år etter den kjekke julemusikalen «Holiday Inn» med stjernene Bing Crosby og Fred Astaire, er Crosby tilbake i omgivnadane frå «Holidayy Inn». Songen «White Christmas» blei ein braksuksess i 1942, og er blitt tittelsporet til denne nyare julemusikalen der partneren til Crosby er den solide songaren Danny Kaye.

Historia er i all hovudsak knytt gjennom showet til Wallace og Davis, karakterane til Crosby og Kaye. Songarinnene og søstrene Haynes, spela av Rosemary Clooney og Vera Ellen, dukkar opp som kjærleiksinteresser, mens hovudtråden dreiar seg omkring etterkrigstida for soldatar av 151. divisjon.

Med «Holiday Inn» i minne frå desember i fjor hadde det vore lett for meg å ta den fram som den beste, sidan eg akkurat har gløymt nok til at det beste sit igjen. For å vere rettferdig seier eg som så at «White Christmas» er ein flott musikal med gode songar, stemning og romanse, og at ei samanlikning får vere opp til den enkelte.

I tillegg til «White Christmas» byr filmen på fleire songar som sit som støypt, mykje takka vere fråveret av redselen for gjentaking av fengande refreng til allereie framførte songar utover i filmen, men det er ein god ting å sitje og nynne til. «Sisters» som framført av Clooney og Ellen er verdt å trekkje fram, ved sidan av hyllinga av general. Det meste er til å like, sjølv om ikkje alt kan vere perfekt.

«White Christmas» har ikkje fått heidersplassen i julekalenderen av nokon spesiell grunn, og blei faktisk ikkje bestemt før vesle julaftan. Valet er likevel eit eg er nøgd med, ved sidan av å vere ein fin film, ein fin julefilm, og gi meg eit par nye klassiske gladsongar å søke opp, gav den meg lyst til å sjå igjen både «Holiday Inn» og leite fram andre perler i same sjanger.

8/10

A Christmas Story (1983)

IMDb: 8.0/10 (49,071 votes)

christmas_storyLuke nr. 10. «A Christmas Story» er ein julefilm på kjent vis, familievennleg og utan særleg negative overraskingane. Regissør Bob Clark har forteljarstemma og gir, i eg-person, stemme til 9-årige Ralphie ein desember månad omkring 1940.

Det var flott korleis filmen så godt fortalde historia frå perspektivet til eit barn, slik at eg sjølv levde meg inn og kjente meg igjen i dei universelle tema filmen tek opp. Trass i at det er 50 år mellom min eigen barndom og den til Ralphie. Tida før jul der ein går og ønskar seg eit spesielt leikety utarta seg nok ikkje på same måte i dag, fleire ungar får det dei ynskjer seg seg mest. Men sidan eg for nokre år sidan, når eg var på denne alderen, aldri fekk garantert toppønske mitt, så treff denne godt.

No handlar ikkje filmen berre om leikety. Den gjer meir enn å sende meg tilbake til barndomen igjen. «A Christmas Story» er utruleg hyggeleg, ein kosele, morosam og vennleg film, der glede ligg i dei små detaljane. Alt fell naturleg på plass i tilvere til familien Parker, ein humrar meir enn å bryte ut i gapskratte. Verkeleg ein solid julefilm.

8/10
2 / 221234...10...22