Med sine tre timar kan «Judgment at Nuremberg» skremme som rettsdrama. Tre timar betyr derimot at Stanley Kramer har kunne gå i djupna og forme filmen slik at det ikkje blir eit hastverk mellom korte argument og så ein felt dom. «Judgment at Nuremberg» blir godt nettopp fordi den kan bruke tida på å bygge seg opp og krype under huda. At både den tyske og amerikanske advokaten får sagt sitt, at ingen blir favoriserte, trass i klientane sine, og at alle spørsmåla rundt behandling av brotsverk gjort av enkeltmenneske i krigssamanheng kjem fram, gjer dette til utruleg god film.
«Synedoche, New York» får pes av The Quietus, den einaste kulturnettsida eg følgjer. Men i mine auger er dette ein av dei beste, nye filmane i år. Den går inn under mi begeistring for filmar som er merksam på og nyttar forholdet mellom livet til karakterane og deira plass i eit fiksjonsunivers. Men her er det i forhold til eit teaterstykke i filmen. Kaufman er også ekspert på forholdet til verda utanfor fiksjonsfilmen. Filmen er smått langsom, men den tek av, forvirrar, blandar fiksjon med metafiksjon og hoppar uforsvarleg brått i tid på ein måte som dannar lysten på gjensyn.
Me følger transseksuelle Hedwig på turne i hælane på rockystjerna Tommy Gnosis gjennom USA. Den opprinnelege tyske guten Hansel har ein ting for blonde parykkar og har saksøkt Gnosis for å stele songane hans, i forsøk på å skaffe bevis for eit tidlegare bekjentskap mellom Hedwig og Gnosis har Hedwigs advokat oppfordra til denne påhengsturneen, der Gnosis stikk av med all ære på større stadion og Hedwig and the Angry Inch pent må ta til takke med kaféframsyningar.
John Cameron Mitchell stÃ¥r bÃ¥de for manus og regi, mens Stephen Trask stÃ¥r for songtekstane. Mykje av filmen sin energi ligg i songane og den gode framstillinga av hovudrolla Hedwig — igjen spelt av Mitchell. Temaet snurrar rundt transseksualitet i forbindelse med Hansels oppvekst og tilblivelsen av Hedwig nÃ¥r han flyttar frÃ¥ Aust-Berlin til USA. Det er behandla pÃ¥ lettare humoristisk vis, men er i full bestittelse av ein skarp tone og har sine alvorlege poeng. Fortalt med tilbakeblikk som den er blir dei fleste songane sunge i no-tid, tilbakeblikka er aldri for lange, men heller korte og presise til Ã¥ fortelje om ting som har vore med Ã¥ gjere Hansel til Hedwig.
Noko av det beste med heile filmen er songane; fengande og innhaldsrike, morosame utan å vere banale. «Hedwig and the Angry Inch» er ingen musikalsk parodi, sjølv om framstillingane av den androgyne rockaren til ei viss grad kan gjenkjennast i faktisk rockestjerner. Samtidig er det rått å sjå kor mykje Mitchell bidreg på lerretet som Hedwig gjennom heile filmen, denne oppsminka personen er så mykje meir enn berre pudder og parykk, og Mitchell held følge med karakterutviklinga gjennom filmen. Morosamt er det og å sjå Michael Pitt gjere ungdomsrockaren Tommy Gnosis, Pitt har det med å velje stadig tvilsomme rollar på fabelaktig vis.
Ei må-sjå-anbefaling frå denne kanten.
Smarte og rare Byrd Huffstodt frå «Huff», Anton Yelchin som han eigentleg heiter, har tatt det verkelege spranget frå tv til å lande hovudrolla i «Charlie Bartlett» på storskjermen. Dei som har sett «Huff» kjenner han som den intelligente, men framleis barnelege sonen til Hank Azarias psykologkarakter frå serien som velta over av kjente og briljante skodespelarar. I «Charlie Bartlett» har han teke på seg ei litt meir humoristisk prega rolle, men spelar framleis på å vere ei blanding av smart og endå ungdom.
Etter å ha blitt kasta ut frå sin n-te privatskule er Charlies einaste valmoglegheit offentleg vidaregåande skule. For å få elevane til å like han startar han personleg rådgiving på toalettet og sel medikament til trengande, der definisjonen av trengande kan vere litt diffus. Etter kvart som populariteten stig får rektor auga opp for Charlie som ei urokråke og går hardt inn for å øydelegge skuledagen hans og dei som set han høgt.
Grunnane til at «Charlie Bartlett» er ein knakande god film er fleire, Anton Yelchin er perfekt i rolla som Charlie Bartlett, guten med glimtet i eine auge og ei seriøse mine i andre. Kombinasjonen Yelchin og Hope Davis som spelar mora gir ein dødeleg god start som får den neste halvtimen til å verke morosam på alle moglege småting, utover det kjem stadig fleire sider til overflata og bidreg ved sidan av god humor å halde dette på eit høgt nivå. Klimpre- og songstunder ved pianoet på familien Bartletts store gods (fru Bartletts ord) fargar filmen ein gong i blant utover og er gull verdt kva kjem til Yelchins brå skodespelarstil, og kan vere like brå som mange av filmens alvorlege poeng.
Der «Ferris Bueller’s Day Off» tek deler av Ã¥rsakene til populariteten til Ferris for gitt gÃ¥r «Charlie Bartlett» innpÃ¥ korleis Charlie som person skal kunne fÃ¥ folk til Ã¥ like han og korleis han lukkast. Filmen har meir alvorlege sider som gir djubde utan Ã¥ stele alt fokus og den har ei enkel og effektiv kjærleikshistorie som heller ikkje trakkar i salaten pÃ¥ nokon som helst mÃ¥te.
BÃ¥de i tonesetting, behandling av karakterar — alle spelt pÃ¥ upÃ¥klageleg vis, oppbygging innan den personleg foretrukne lengda i komediesjangeren pÃ¥ 90 minutt, filmmusikk og type humor sÃ¥ fengar «Charlie Bartlett» sÃ¥ bra at eg umiddelbart fekk lyst til Ã¥ sjÃ¥ den igjen og ikkje kan anna enn Ã¥ anbefale den vidare. Dette nokre dagar etter sÃ¥ eg utan Ã¥ mÃ¥tte tenke meg om lengre kan stÃ¥ for mine ord.
Vudering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Då eg skulle sjå «In the Valley of Elah» på kino tidlegare denne månaden hadde eg ingen forventingar eller tankar til kva den skulle vere. Den faktiske grunnen til at kinobesøket fall på akkurat denne filmen var at ingen av dei andre filmane freista. Men kva gjorde det når Paul Haggis skulle stige opp i så måte frå holet han grov seg sjølv ned i med «Crash» i 2004.
I det som er ein av to filmar i det som må vere Tommy Lee Jones sine betre år, den andre var «No Country for Old Men», er det ei forsvinningssak som involverar Jones rollekarakter Hank Deerfields son som står i sentrum. Sonen er i militæret og har akkurat komme heim frå Irak då han brått blir borte, noko som resulterar i at Hank får ein telefon om at sonen mest sannsynleg har teke tjuvperm og må melde seg snarast. Når sonen ikkje let seg spore vel Hank å ta saka i eigne hender og spore han opp, som tidlegare yrkesmilitære sjølv har han eit blikk som vitnar om at han er klar for å møte sanninga uansett kva den skulle vere.
Det som skjer vidare er vanskeleg å forklare i detalj utan å røpe filmen, og utan detaljfokus er det vanskeleg å forklare kvifor dette er ein så knallsterk film som det er. «In the Valley of Elah» er gjennomført med stødig hand, etterforskinga som blir gjort er lagt opp slik at den er interessant heile vegen, Tommy Lee Jones er ytterst perfekt i hovudrolla og har også med seg stødige motspelarar som verken trekk ned eller stel fokus. Dette smakar heller ikkje som anti-militær propaganda, då det med dei ulike karakterane er ulike sider av militære me møter. Tross motviljen Hank Deerfields møter i mange av brikkene som skal føre han vidare er han sjølv eks-militære og smittar forståelsen sin over på publikum til ei viss grad, balansen er nøyaktig og det er også ein underliggande frustrasjon på plass som kjem fram i augo hans i blant.
Måten filmen seier så utruleg mykje på utan å ta for sterke standpunkt, rote det til eller køyre seg fast på eit spesifikk punkt gjer at dette aldri blir nokon kjedeleg film på dei 2 timane den varer. Den er eigentleg eit veldig godt eksempel på korleis fleire filmar skulle ha vore laga, for det er ingenting som tilseier at ei forsvinningssak er det mest originale plottet, men når det er gjennomført på denne måten er det lite å halde i mot den på.
Denne stillte eg heilt blank til, kanskje difor den overraska så positivt som den gjorde. Her er ei perfekt blanding av raseproblematikk, politi- og krimfilm og sterke rollefigurar. Samspelet (eller motspelet!) mellom Sidney Poitier som Det. Virgil Tibbs og Rod Steiger som Police Chief Bill Gillespie er i øverste klasse, her er samtidig ei utvikling med at spenninga desse to i mellom aldri dør ut. Solbrillene til Gillespie og den stadige tygginga av tyggis tilfører filmen noko udefinerbart, men tøft. At opphaldet til Tibbs alltid ligg på kanten til å opphøyre gjer at heller ikkje omstendigheitene føles kunstig forlenga. Måten kriminalforskinga blir utført på i små porsjonar som den blir gjer at eg heile tiden ønsker å følge med vidare. Alt klaffar med denne.
For å begrunne innleiinga mi om kvifor dette ikkje er noko «guilty pleasure» treng eg ikkje går lengre enn til å nemne Jack Nicholson, ein film med denne karen er bra nok grunn til at kven som helst kan sjå den utan å føle seg «skuldig». Vidare er dette ein film om karakteren til Nicholson, ein gammal, einsam misantrop av ein forfattar med mange rare hygieniske, overtruiske og psykiske problem. Ev. romantikk kjem ikkje før i 2. eller 3. rekke, då dette er komedie om ein periode i livet til Melvin, misantropen, er ting forandrar seg for han. Dette skjer gradvis samtidig som «As Good as It Gets» heile vegen klarar å behalde det som gjer Melvin til ein interessant karakter. Det er vanskeleg å finne ei meir spesifikk beskrivelse av denne filmen, den er spiss, tilbyr mengder av god latter, utruleg bra dialog, godt skodespel, fint driv. Det er så og sei ein ultimat godfilm som også bringe fram ei lita tåre her og der, må eg innrømme. Ei varm anbefaling. Nicholson i toppklasse!
Eg har ein innrømmelse på lager, eg har aldri sett «Grease». Sjølvsagt har eg sett klypp frå den, eg veit sånn cirka kva den handlar om og alt det der, men har aldri hatt spesielt lyst til å sjå heile. «Cry-Baby» fekk eg umiddelbart lyst til å sjå når eg blei obs på den, parodiere «Grease» og liknande som den skulle gjere. Dessutan er eg glad i musikalar, etter i mange år ha hata sjangeren som intetvitande, har eg blitt godt glad i nokre etter kvart, gode musikalar set eit ekstra gledestrykk i meg, det blir så mykje meir fres over sakene med gode songnummer.
«Cry-Baby» er på langt nær den første filmen til John Waters, men mitt første møte med filmskaparen. Og for eit møte! Kvelden eg satte meg ned med filmen var den rette, eg var innstilt på god film, litt lysten på noko ekstra enn berre ein komedie. Denne leverte frå første minutt då den opna med The Bonnie Sisters «Cry-Baby» til ein tidssettande vaksinasjonssekvens i 1950-talsånd. Her vert både musikkstilen, persongalleriet og ikkje minst humoren satt. Heilt på kanten av kva eg kan sluke, men aldri over, difor så velfungerande.
Johnny Depp spelar Wade Walker, Wade går under namnet Cry-Baby, her skal eg ikkje røpe nokon årsak, for som det meste i filmen er det vanskeleg, om ikkje umogleg å gjengi inntrykket dialogane, monologane og songstykka gir. Cry-Baby er ein skikkeleg hillbillie og harding med gjengen som følger, Drapes heiter folka hans og er forhatt av den «gode» sida i lokalsamfunnet, the Squares. Filmen er ei kjærleikshistorie av ein musikal som involverar ei jente som ikkje er så Square som dei rundt seg.
Ein klisjé er betingelsen på eit utslitt utrykk, det «Cry-Baby» gjer er at den hentar inn dungar av klisjear og pussar dei opp, forsterkar dei og lagar ein heidundrades artig film ut av det. Ingenting er nytt, men det er friskt. Pangstarten allereie under opningssekvensen blei aldri det einaste av glede i filmen, løpet blir køyrt fullt ut, eg blir like glad i karakterane som i musikken då dei aldri dør ut i stereotypane sine. Stereotype er vel også hakket negativt, det er sjølvsagt meir til karakterane enn som så.
Eg klarar ikkje gjere anna enn å skryte av dette, alt satt som støypt for min del iallfall. Depp briljerar, Amy Locane som jenta her forelska eg meg lett i. Tilogmed Kim McGuire som den urstygge Hatchet-Face var like effektfull på slutten som i starten, huff, stygg som pokker altså. Eg kan ikkje love at denne vil falle i like stor smak for alle som den gjorde for meg, men anbefalar den til nokon som har lyst på ein lett og lystig gladfilm.
Nok ein gong minnar eg på at min «9» er som andres «10». Min «10» er forbeholdt gjensyn som leverar varene like godt eller betre.
Darjeeling er eit område i India, kall det fylke eller delstat, dit brødrene Francis, Peter og Jack Whitman (Owen Wilson, Adrien Brody, Jason Schwartzman) reiser i lag for å finne seg sjølv og kvarandre i regi av eldstemann Francis sine planar om ei spirituell oppleving. Forholdet dei tre i mellom er smått anstrengt i mangelen på tillit, handlinga går føre eit år etter farens død, noko dei endå er prega av. Francis har nyleg køyrt motorsykkel i ein fjellvegg, Peter går med faren sine briller sjølv om han får hovudverk av dei og Jack har flytta til Europa for å komme vekk frå alt og alle.
Turen gjennom India utviklar seg etterkvart til å bli noko anna enn Francis forventa, kanskje ikkje den største overraskinga for publikum, planen om å oppleve tempel, lære og stole på kvarandre, osv. går kanskje i vasken, men Wes Anderson legg aldri skjul på at han berre er valgt ein anna veg mot same mål for karakterane sine. Måten Anderson gjennom heile filmen vel avslutte episodar til forventingane forut, utan å definere forløpet på førehand, kjem tydeleg fram når Jack les høgt frå ei historie han har skrive slutten, men ikkje starten på, dette fungerar også som er ei sterkare tilknytning til «Hotel Chevalier».
Denne måten alt i både «Hotel Chevalier» og «The Darjeeling Limited» er knytta saman på kjenner eg som Wes Anderson sin signatur, symbolikk i fargar og gjenstandar, utprega kameraarbeid, skodespelarne og valet av musikk er andre aspekt som lett glir inn i måten mannen lagar film på og som eg har lært meg å verdsette, og som absolutt er tilstades i «The Darjeeling Limited». For min del overgjekk denne forventingane mine og eg satte pris på at varmen i filmen kjem fram mellom alle detaljane og avstikkarane Anderson har valgt å trekke fram.
Sjølv om ikkje alle Ghiblifilmane imponerar går eg til dei usette med forventingar. «Nausicaä» er ein av dei eg har hatt mest lyst til å sjå, til stor glede innfridde den, mektig. Animasjonen flyt ikkje som i dagens produksjonar, men er upåklageleg storarta og detaljert. Universet handlinga føregår i er eventyrleg og tok gripetak på meg frå første stund, samtidig ligg det alvor i botnen av eventyret. Verda er trua av massiv forureining og naturen har reagert, det store spørsmålet er korleis menneska skal oppføre seg i forhold til desse reaksjonane.
I hovudrolla finn me den unge prinsessa i Vindenes Dal, Nausicaä, ei tøff jente og meister til å navigere eit krysningsfartøy av seglfly og hangglider, mykje action kan forventast i både lufta og på bakken. Filmen handlar om krig mellom menneske og mellom menneske og kjempeinsekt som erobrar stadig meir land. Behandla frå ståstaden til den unge jenta tek verken alvoret skade av eit barnleg sinn, heller den meir leikne tonen av alvoret, men som dei beste Ghiblifilmane gjer det, godt balansert, spennande, imponerande.
