Om nyversjonen av A Nightmare on Elm Street har fått pes, er det i grunn unødvendig. Eg har sett gjenoppstarten av den kjære franchisen som blei til på 1980-talet, og som har husa ein av dei grusomaste filmskikkelsane siste 30 åra.

Ute er Robert Englund, og rolla som Freddy Krueger har blitt overteken av Jackie Earle Haley. Dei øvrige rollane er fylt av stjerner frå tv-seriar og mindre filmar. Borte er dei drygaste klovnefaktene frå tidlegare, men eg synst heller ikkje filmen tek seg sjølv for seriøst.
Stemninga er rett i tida: Mørk og dyster, med mørkeraudt blod og mangel pÃ¥ lys. A Nightmare on Elm Street siktar mot Ã¥ vere ein skikkeleg skrekkfilm, og klarar Ã¥ styre unna horrokomedie-fella. Her kan lite eller ingenting skuldast dumme ungdommar, for Freddy er bÃ¥de smart og har ein klar fordel framfor dei — han drep medan dei søv.
Den som held filmen tilbake er først og fremst uengasjerande ungdommar, desse er bÃ¥de for like kvarandre og ein bryr seg aldri om at dei dør. Ein fordel eg hadde var at eg kjente igjen fleire frÃ¥ tv-seriar, og soleis fekk nokre knaggar Ã¥ feste ansikta pÃ¥. I tillegg er ein nyversjon av ein sÃ¥ god film som A Nightmare on Elm Street frÃ¥ 1984 heller unødvendig for dei opplyste. Men eg unnar nye unge Ã¥ fÃ¥ ta del i kva Freddy Krueger er, og nyversjonen er greitt til dette formÃ¥let — og til inntening.

Eit unødvendig åttande etterslep i rekka av «A Nightmare on Elm Street»-filmar, der Freddy får hjelp og motstand frå «Friday the 13th»-karakteren Jason. «Freddy vs. Jason» er intet meir enn ein rett fram slasherfilm utan djupare motivasjon innan karakterutvikling eller historie enn å få handlinga til å gå framover.
Det er duka for den sjuende filmen i «A Nightmare on Elm Street» rekka. Wes Craven er tilbake etter stadig nedoverbakke for serien sidan han skreiv manus til den tredje filmen, «Dream Warriors». Med «New Nightmare» eig han ikkje berre registolen og skrivemaskina, han er også med i ei viktige rolle som seg sjølv. For «New Nightmare» er noko nytt når det kjem til «A Nightmare on Elm Street»-franchisen, Heather Langenkamp er ikkje Nancy og Robert Englund er ikkje Freddy, dei er seg sjølv, enn så lenge.
Sjette film i «A Nightmare on Elm Street»-franchisen.
Femte film. Alice frå forrige, «The Dream Master», blir smelt på tjukka og gjennom den verste skremselspropagande mot tenåringsgraviditet og teikneserie (av alle ting) dukkar Freddy opp. Tidlegare i serien har me fått vite litt om Amanda Kreuger, nonna som fødde Freddy, «The Dream Child» går meir grafisk til verks og me blir vitne til at Freddy blir gjenfødt på same måte som hans ekte fødsel, gjennom draumane til det Alices ufødde barn.
Ein nedtur frÃ¥ «Dream Warriors» var ikkje uforventa, Wes Craven er igjen utelatt og Tuesday Knight har erstatta Patricia Arquette som Kristen Parker. «The Dream Master» er seriens første skuffelse, ein liten sÃ¥dan, dÃ¥ den ikkje ligg spesielt langt unna «Freddy’s Revenge». Eg turde Ã¥ hÃ¥pe pÃ¥ betre etter «Dream Warriors».
«Freddy’s Revenge» kom altfor fort, Ã¥ret etter «A Nightmare on Elm Street», med «Dream Warriors» har det blitt tid til Ã¥ skrive eit betre manus, av Wes Craven, og pÃ¥ skodespelarsida er det igjen namn verdt Ã¥ nemne.
Me skal tilbake til Elm Street, og faktisk også til huset der vår Nancy frå den første filmen budde. 5 år har gått sidan den gong og familien Walsh har nyleg flytta inn.
Eit felles mareritt dukkar opp i nabolaget, den første som får smake kniven er ei tenåringsjente som nyleg har hatt sex før ekteskapet, ganske typisk, på ein morosam måte. At ho drøymer å bli drept er ingen hindring for at drapet faktisk skjer. Vennene som også har drøymt om den skumle mannen med det brente ansiktet og fire knivblad i hansken, den etterkvart legendariske Freddy Kreuger, blir sjølvsagt ikkje trudd når politiet blir satt på saken.