Sports Night

2 sesongar.

SportsNight_10thAnn«Sports Night» er den første serien til Aaron Sorkin («The West Wing»). Tre store namn, Peter Krause, Josh Charles og Felicity Huffman står på plakaten i serien som i likheit med «Studio 60 on the Sunset Strip» handlar om eit TV-program. Ser ein forbi det sterke 1990-talspreget spesielt første sesong har er dette ein likandes sitcom, med lattersporet i stor grad fjerna. Andre sesong løfter serien fleire hakk, med fleire locations og historietrådar, og meir vellykka drama. Episodane er litt vel like, men eg synst likevel «Sports Night» var vittig og smart og nok til å bli hekta.

Studio 60 on the Sunset Strip sesong 1

22 episodar.

«Studio 60 on the Sunset Strip» var ein av to nye seriar hausten 2006 som dreia seg om miljøet bak kulissene på eit tv-show. Den andre var «30 Rock» som eg nyleg såg første sesong av.

I denne serien som er av det lengre formatet, 40 minuttars episodar og dramaorientert, følger me gjengen bak «Saturday Night Live»-etterlikninga «Studio 60 on the Sunset Strip». Matthew Perry, Amanda Peet og Bradley Whitford spelar hovudrollane og gjer sitt til at eg ikkje kan utsette noko på rollebestninga, heller ingen av dei andre er nemneverdig i negativ forstand. Mannen bak serien er godeste Aaron Sorkin, han som i si tid kom med «The West Wing». Det får vere nok av namedropping.

«Studio 60» framstår som ein smart serie med nok av dialog, mykje av den krev at ein må følge med og serien slepp å bli overfladisk showbiz viss vass, dette gjer på si side at det er lett å bli reve med inn i den omfattande blandinga av personlege intrigar, nettverkspolitikk og produksjonen til showet det heile handlar om. I tillegg til å underhalde er «Studio 60» med på å opplyse til ein viss grad omkring produksjonsmetodane til eit show av typen live sketsjprogram. Dette er storveges for ein tv-serie buff som meg.

Persongalleriet er godt, atmosfæren er til Ã¥ bli forelska i, det meste er pÃ¥ plass. Heilt til serien er komme forbi halvveges og begynnar blande inn flashback og bruke «To be continued…» gjennom fire episodar pÃ¥ rad. Tru meg, eg likte «Studio 60», men har ingen problem med Ã¥ forstÃ¥ at serien ikkje blei fornya etter eit langdryge avslutningsmaraton og tydelegvis mangel pÃ¥ nye idear for Ã¥ halde nivÃ¥et like høgt som dei første 13 episodane holdt, det var tross alt desse som gjorde at serien blei forlenga til ein heil 22-episodars sesong.

For ikkje å verke for negativ vil eg avslutte med å sei at dette eigentleg gjekk ganske bra unna store deler av vegen, Matthew Perry er glimrande, oppbygginga rundt eit tv-show fungerar utmerka, og siste episode har ei avslutning som gjer denne eine sesongen til eit fullstendig produkt.