Step Brothers (2008)

IMDb: 7.0/10 (17,503 votes)

Så, det heile starta med brask og bram. Dei ti første minuttane var «Step Brothers» like morosam som eg hadde håpt på etter å ha sett ein morosam trailer. Ikkje alle likar å trailerar, fordi dei ofte gir eit feil inntrykk av filmen, i dette tilfelle har likevel filmen meir å fare med enn dei få morosame scenene som blir brukt i marknadsføringa. For å sette dette i perspektiv, ein film kan ha ei morosam scene, men det må mange morosame scener til for at filmen kan seiast å vere morosam.

Etter kvart som minuttane rulla forventa eg eit vendepunkt, der filmens sentrale idé som eg skal komme tilbake til straks, ikkje lengre ville klare å bere formatet ut 90 minuttar.

Will Ferrell og John C. Reilly er begge rundt 40 år og bur framleis med foreldrene sine, når foreldrene giftar seg og flyttar i lag blir dei tvunge til å dele rom. Det skal seiast at begge oppfører seg som 10-åringar og deira barnslege kranglar er hysteriske å sjå på. Sensuren er borte og du høyrer stadig grove ord i dei herlegaste samanhengane, utan at det blir for mykje. Forholdet mellom desse to utviklar seg forbi eit forventa stoppepunkt, men så er dette også ein film av «Anchorman»-filmskaparen Adam McKay, produsert av min vesle favoritt, Judd Apatow.

«Step Brother» leverar altså. Ferrell og Reilly finn på mykje kødd, men eg klarar å innfinne meg med alt dette, måten det blir gjort på virka å legge vekt på meir enn å plotte fleire enkeltidear inn etterkvarandre, det blir ein slags samanheng i dette.

Som bonus gjer Richard Jenkins ei herleg tolking av Reillys rollefigures far.

7/10

Talladega Nights: The Ballad of Ricky Bobby (2006)

IMDb: 6.5/10 (10,337 votes)

Talladega NightsNascar er omtrent så typisk amerikansk som det kan bli, raske bilar og store stadion. Eg ser ikkje anna i det enn at det er veldig repetivt å sjå bilar som durar rundt og rundt på same bane opptil 500 gonger på det meste. Men forstår at det nok er eit lite kick å stå heilt opptil bana når bilane nærast flyg forbi.

«Talladega Nights» blir like meiningslaus for meg som Nascar. Første halve filmen ser ut som ein einaste lang (og dårleg) reklamefilm, og skuffa veldig, med unntak av ei rullstolscene og første møte med Sacha Baron Cohens rolle. Den franske aksenta hans er tilnærma identisk med den kasakhstanske i «Borat», forutan eit par franske ord, men fyren er ein av dei artigaste i denne settingen.

Det er ikkje meir med denne filmen å nemne. For det ser ut som, og er sikkert nok berre ein grunn til å tene pengar. At filmen aldri kom på kino i Noreg ser eg ikkje som noko tap. Den hadde vel ikkje vakt interesse med tanke på at sjølve sporten ikkje er særleg populær her, og den er heller ikkje morosam nok.

5/10

Wake Up, Ron Burgundy: The Lost Movie (2004)

IMDb: 6.1/10 (697 votes)

Ein alternativ versjon til «Anchorman: The Legend of Ron Burgundy». Ein bør absolutt ha sett «Anchorman»-filmen viss ein skal ha noko utbytte/glede av denne.

Det dette er ser ut til å vere outtakes og lengre/mindre morosamme scener som er satt saman for å danne ei historie som til nøds kan plasserast parallellt med «Anchorman». Steve Carell, the man himself, får vist meir her enn i hovudfilmen, noko som er bra med tanke på at han er mannen med humor i «Anchorman»-franchisen.

Men eg kan ikkje anbefale «Wake Up», den er for lang, og rett og slett bortkasta tid. Kanskje hardbarka fans vil ha gleden av den, la oss tru det er grunnen til at filmen er satt saman.

3/10

Anchorman: The Legend of Ron Burgundy (2004)

IMDb: 6.6/10 (26,331 votes)

AnchormanEit gjensyn med «Anchorman: The Legend of Ron Burgundy», med Will Ferrell.

Med Ferrell i hovudrolla blir det i overkant av Ferrell-aktig humor. Han klarar stort sett å lande gode rollar, men helst som birolle der han ikkje blir for slitsom. Likevel er «Anchorman» ein av dei betre filmane han gjer, og det blir på den positive sida av kanten for denne gong.

Med meir kjennskap til Steve Carell gjennom «The Office» er det han som stikk av med dei mest morosame scenene i denne komedien satt til eit fiksjonert 1970-tals TV-nyheitsmiljø. Men alt i alt blir ikkje filmen betre enn middels, den er rett og slett ikkje morosam nok, men blir litt for mykje fyll og tull.

7/10

Anchorman: The Legend of Ron Burgundy (2004)

IMDb: 6.7/10 (5,916 votes)

AnchormanHumoren i filmen varierte ein god del, frå ganske morosame scener til scener som var så lite morosame at det var flautt å sjå. Den meste av humoren låg under middels, og det kan seiast at Will Ferrel er ikkje den mest morosame, på langt nær. Høgdepunktet i filmen var då fleire ulike news crew møtte opp på eit industriområde, og leiarane for dei ulika crewa var bl.a. Ben Stiller, Vince Vaughn og Luke Wilson. Andre kule ting var når Jack Black dukka opp som sint motorsyklist og spraka ein hund utfor ei bruk. Og å sjå Danny Trejo som bartender.

7/10