Rashômon (1950)
User Rating: 8.4/10 (22,920 votes)
Toshirô Mifune og Akira Kurosawa har gjort fleire prosjekt i lag. Skodespelaren har ei lett gjenkjenneleg, morosam haldning. Rolla i «Rashômon» er ingen unntak. Innleiingsvis møter me eit par menneske som har søkt ly frå regnet. Begge har opplevd ei grusom hending som svekka deira tru på menneska. Filmen fortel hendinga i ulike versjonar, frå medverkande og vitne. Tidlegare japansk film ligg gjerne nærare teaterskodespel enn me er vant med i. Interaksjonen her er veldig levande. Det tekniske er kanskje røft i kantane, men dei filmatiske trekka kjem bra fram. Eg synst filmen var kjedeleg, men utset ingenting på gjennomføringa.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Sidan eg har sett «The Magnificent Seven» tidlegare, føler eg det er greitt å ta denne opp her. «The Seven Samurai», som den amerikansk-engelske tittelen blir, er nok ein Akira Kurosawa storfilm.
(0 hittil)