ness
28-feb-2005

The Others (2001)

The OthersIMDb: 7.8/10 (35,354 votes)

Sidan eg har trappa ned litt med filmsjåinga i det siste, så set eg større pris på enkeltfilmar enn for ein månad sidan. Så det å sjå ein film som i tillegg er ekstra god i ei slik tid er kjempe!

Det som gjer at eg likar The Others i første omgang er at den handlar om ei forfattardame. Eg må innrømme at eg likar filmar om forfattarar, kanskje på grunn av ein underbevisst lyst til å skrive godt sjølv? Finding Forrester er eit eksempel på ein slik film som også står sterkt hjå meg.

Musikken var noko eg la godt merke til her, og eg vil gå så langt som å sei at den var tilnærma perfekt. Samspelet mellom klyppinga og musikken i byrjinga tok skikkeleg grep på meg.

Skodespelet var greitt. Eg brydde meg ikkje særleg om Mrs. Woolf var spelt av Nicole Kidman, for min del kunne ho ha blitt spelt av kven som helst. For her er det så mykje make-up med i bilde at ein ikkje kjenner igjen personen under. Så kvifor ikkje ta ei god, ukjent, stygg, skodespelarinne i staden? Pengar og PR, alltid pengar og PR. Men sidan eg ikkje sat å tenkte på undervegs at det var Kidman som var dama, så gjekk filmen sin gang og eg fokuserte meir på historien enn eventuelle forventingar til ei A-stjerne.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10