Filmdagbok
ness
13-sept-2007

Amores perros (2000)

User Rating: 8.2/10 (33,004 votes)

Amores perrosTre historiar er knytta saman på ein ikkje altfor openbar måte, men elegant og godt så det ikkje blir tre kortfilmar. Alle har til felles at dei handlar om kjærleik, på forskjellig vis.

«Amores perros» er ein film som er vanskeleg å beskrive for å få fram den gode sida. Når den pågår blir ein sittande å ta inn inntrykk og følelsar i mengdevis, i ettertid er det mange tankar som svirrar. Lysta til å snakke direkte med andre om filmen hadde eg ikkje, det var ingen wow her og der til å gjengi. Heile filmen var for viktig til å trekke fram enkeltepisodar.

Vit at Amores perros er animalsk brutal, sårande ekte, menneskeleg smart og så mykje meir som dannar tilsaman er med å danne eit kompleks miljø, som vidare får ein til å sette tanken om at det faktisk er ein film i andre rekke.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
21-nov-2006

Babel (2006)

User Rating: 7.9/10 (4,438 votes)

Babel«Babel» hadde noregspremiere på fredag, men situasjonen gjorde at eg ikkje fekk sett den før i går. Med eit publikum som hadde forma eit kross i seteplassering var det berre å pine seg gjennom nokre obligatoriske minuttar trønderreklame før filmen byrja.

Regissøren Alejandro González Iñárritu er nok mest kjent for filmane «Amores perros» og «21 Grams». Sistnemnte, som eg har sett, gjorde ikkje noko spesielt inntrykk på meg, og eg kan ikkje hugse at eg likte filmen ein gong. Men etter å ha sett «Babel» kan eg gjerne sette meg ned og prøve igjen.

Denne 3. filmen av Iñárritu som på ein eller anna måte flettar inn ei ulykke i filmen, som er delt i 4 deler, er hittil den beste kinoopplevelsen eg har hatt i år. «Borat» var også god, men på ein anna måte. «Babel» hadde kraftfull filmmusikk og nydelege bilder, mildt sagt fantastisk filmografi. Og det skar i sjela mi å merke at lydanlegget i kinosalen ikkje takla dei mest nærgåande augneblikka.

Babel screencapDei 4 delene filmen er satt saman av er alle knytta ihop på ein eller anna måte, utan at ein skal legge for mykje i å finne ut av det. Reint kronologisk foregår det heller ikkje, men «Babel» treff godt på skiva i sitt forsøk. Me følger ekteparet Jones på busstur i Marokko, to unge gjetarar - også i Marokko, ei meksikansk barnepassar med to barn sør-vest i USA og ei ung japansk jente i Tokyo. Det som eg synst gjer filmen så bra er kulturskildringane, og det er med handa på hjarte eg kan sei at det er ein av dei beste skildringane av japansk ungdomskultur eg har sett på film. Kontrasten mot Marokko er stor, men ikkje heile vegen. Det går igjen at uansett kor ein er i verden, så har alltid menneske nokon likheiter.

Tragedie er også ein raud tråd i filmen. Som «Filmspotting» påpeikar, så er drar Iñárritu det ganske langt. Og spesielt familien Jones får gjennomgå. Men dette er jo film, og likevel om eg tenkte over dette så gjorde det meg ingenting når eg såg filmen.

Konklusjonen min, om eg skal lage ein, er at dette var overraska bra. Forventingane mine var låge, og eg klarte ikkje å forestille meg anna enn at det kunne bli litt kjedeleg. Dårleg innstilling før ein film, eg veit. Men dette var ein knallgod film som eg knapt har skrapt overflata på her i denne anmeldelse-liknande-saken.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
20-nov-2004

21 Grams (2003)

Twenty one GramsUser Rating: 8.0/10 (16,346 votes)

Eg vil ikkje gi denne filmen gode kommentarar berre fordi den har fått høg rating på IMDb eller er mørk, dyster, deppandes, kjedeleg, delvis uforståeleg i tidlege fasar av filmen, ekkel, osv. Det er forsåvidt det.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10