Filmdagbok
ness
14-mar-2007

The Crow (1994)

The CrowUser Rating: 7.4/10 (29,580 votes)

«The Crow» er favorittfilmen til Dwight Schrute, ein av dei sære karakterane i den amerikanske versjonen av tv-serien «The Office». Det er og den siste filmen Brandon Lee, son av Bruce Lee, spela inn før han på ulykksalig vis blei drept av ein rekvisittpistol.

I ein mørk, regnvåt by har ein kriminell organisasjon gjort seg vant med å tenne på bygningar og terrorisere folk natta før Halloween. Shelly Webster og Eric Draven (Lee) blir offer for ei av undergruppene til organisasjonen. På årsdagen for drapa står Eric Draven opp igjen frå grava og blir the crow, på søken etter hemn.

Eg fekk ei skikkeleg kjensle av å ha satt meg ned igjen med «The Punisher», for dette må vere ein av dei verre teikneserieadapsjonane eg har sett. Her blir det spelt på at goth er kult over heile linja. Det har ein dårleg appell på meg, og eg er dum nok til å tvinge meg gjennom filmen etter ein laber første halvtime.

Det er rart kor lite eg trivst med å sjå «The Crow», når ein av Alex Proyas sine andre filmar, «Dark City», blei presantert i nesten identisk miljø og virke skikkeleg kult.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
27-feb-2007

Dark City (1998)

Dark CityUser Rating: 7.6/10 (32,845 votes)

Mørkkledde menneskeliknande skapningar har teke kontroll over hukommelsen til folk og omgivnadane deira. I ein by der det alltid er mørkt og ingen vegar fører ut vaknar J. Murdoch (Rufus Sewell) opp for å finne ut at han er ettersøkt for ei rekke mord, utan å ane korleis dette gjekk til.

Dyster storbystemning med ruvande murbygningar overalt, slik er det 1920-talsprega bybilde i «Dark City». Eller er me på 1950-talet? Bilar og anna teknologi henta frå ulike tiår gjer det vanskeleg å fastslå, akkurat som det er vanskeleg for Murdoch å fastslå kva som føregår i den labyrintoppbygde byen.

Forrige gong eg såg denne filmen var rundt 6-7 år sidan, og fordi den satt som spikra i hukommelsen min sidan har eg lenge hatt lyst til å sjå den på nytt. Byen som gir oss ei kjensle av å vere innesperra er ein av dei råaste settingane eg har opplevd på film: litt teatralsk og mystisk, samtidig stort og variert. Sci-fi og thrilleraktig historie står det heller ikkje tilbake på. Her er også politietteforskar (William Hurt), fysisk skjør doktar (Kiefer Sutherland) og uviktig kjærleiksinteresse (Jennifer Connelly på plass.

Sewell gjer ei svak rolle midt oppi dette, og er på mange måtar som Reeves i «The Matrix», litt malplassert. Hovudtrekka i filmen har mange likheiter med «The Matrix» (eller motsatt sidan den kom først). Faktumet at den prøver å skjule spesialeffektane med mørke og skuggar kan så vel vere på grunn av økonomi som at det står meir i stil med resten av filmen, det fell uansett i smak her.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
08-nov-2004

I, Robot (2004)

I RobotUser Rating: 6.9/10 (13,147 votes)

Ideen er ikkje akkurat ny. Del Spooner har ei kjensle av at robotane ikkje går an å stole på, og han har utruleg nok rett. På eiga hand, nesten, klara han å redde folket frå ein robothær som kan minne om hæren i Star Wars: Attack of the Clones. Dessutan er produktplasseringa altfor tydeleg, og gjer deler av filmen litt til latter for min del. Det å få fram at Del Spooner har ein Audi som bil og eit JVC anlegg i huset for eksempel klara regissør Alex Proyas utan problem.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10