Citizen Ruth (1996)

IMDb: 6.8/10 (2,957 votes)

Også Alexander Payne har utvikla seg til å bli ein høgt ansett regissør i min vesle filmverden. «Citizen Ruth» lev opp til forventingane av ein Paynefilm og Laura Dern er ikkje mindre enn fantastisk i rollen som Ruth, ein narkoman gjengangar i det lokale fengselet som blir gravid og hamnar midt oppi kampen for og mot abort. At ho ikkje gir mindre enn faen i det som skjer rundt ho så lenge ho får ha det gøy, kan få pengar i hendene og ein god rus er det som passar så vanvittig godt oppi debatt av denne skalaen. Filmen er god på å ikkje dømme for eller mot og innfridde stort sett heile vegen, det blir litt i lengste laget, men er elles bra.

7/10

Election (1999)

IMDb: 7.4/10 (31,085 votes)

«Sideways» frÃ¥ 2004 er ein av mine favorittfilmar, Alexander Payne som stÃ¥r bak den stÃ¥r ogsÃ¥ bak «Election» som eg har sett nyleg. I «Election» møter me Matthew Broderick som high school historielærar, ein jobb godeste Jim — som rollen hans gÃ¥r under — likar svært godt. Reese Witherspoon er eleven du elskar Ã¥ hate, men ogsÃ¥ kan beundre pÃ¥ avstand, fÃ¥ venner, men goalgetter som ingen andre er ho einaste eleven som ser ut til Ã¥ stille for student counsil president. Heilt til Jim fÃ¥r det for seg at den skada QB1 frÃ¥ fotballaget, spelt av Chris Klein («American Pie»), kan stille for Ã¥ gi Reeses Tracy Flick-rolle ekte motstand. Begrunnelsane til valet er frÃ¥ Jim si side reint personlege, noko som gjer det heile desto betre.

Både Broderick og Witherspoon er i sine ess i denne filmen. Broderick har den der smart tapar-tingen over seg som han er veldig god til å få fram, hjelpeslaus er han kanskje og når han gjer ting som føles rettferdig er det ikkje alltid rett. Alexander Payne er flink til å behandle slik mannsrollar i filmane sine, eg kjenner igjen mange trekk som går igjen i «Sideways» og kosar meg med det. Kvinnerollane er like eins, sett på med delvis forakt og elsk, framstilt meir nøytralt via kamera enn gjennom augo til mannsrollen i hovudsetet.

«Election» er ein dramakomedie av ypparste slag, den er stort sett morosam heile vegen, men har heile tiden alvoret liggande ved, for å tilføre meir meining bak filmen kan ein sei. Utfallet handlinga vil ha er viktig nok, men trekk aldri tankane vekk i frå handlinga undervegs.

8/10

Sideways (2004)

IMDb: 7.8/10 (62,987 votes)

SidewaysMitt tredje møte med «Sideways» skil seg litt frå dei førre ved at eg er hakket meir oppdatert på vinsjargong og med handlinga vagt i minne kunne konsentrere meg meir om detaljar. Dette er framleis ein fantastisk film og ein eg gjerne kan sjå igjen, karakterane er humane og Paul Giamatti er perfekt som deprimert vinelskar og forfattar, sidekicket gestalta av Thomas Haden Church er vel så viktig som motstykke til Giamatti som han er den livlege i filmen. Plasseringa av filmen i California tilfører ein varme til ein film som like gjerne kunne ha blitt tragisk om satt til kalde austkysten. Anbefalt.

9/10

Paris, je t’aime (2006)

IMDb: 7.5/10 (7,826 votes)

Paris18 kortfilmar utgjer «Paris, je t’aime» («Paris, eg elskar deg»), der 21 regissørar har fÃ¥tt boltre seg innan den franske hovudstadens grenser. Eit samarbeid mellom britiske, franske og amerikanske gjer at det dukkar opp kjente ansikt bÃ¥de framfor og bak kamera pÃ¥ tvers av geografien. Det handlar lite om kven som har gjort kva dÃ¥ kortfilmen er eit utradisjonelt omrÃ¥de for mange av deltakarane og det til slutt er filmane framfor namna om dette fengar. Felles, som tittelen siktar til, er kjærleik i Paris det sentrale temaet. At ein veit dette gjer at mangelen pÃ¥ anna samanheng er uvesentleg, dÃ¥ det blir skapt ei heilheit av bitane.

Eg skal ikkje graute for mykje rundt omkring namn og Paris, sjølv om sistnemnte gjer seg godt pÃ¥ film og fortenar mangt eit godord som stemningsbyggar. «Paris, je t’aime» stÃ¥r som heilheitleg filmopplevelse pÃ¥ antall innslag av gode mot mindre gode kortfilmar. Eit fÃ¥tall stod seg ut som filmane med det vesle ekstra, der alt klaffa, mange av kortfilmane var gode og fekk fram smÃ¥ historiar utan Ã¥ trykke pÃ¥ alle dei rette knappane, skuffande nok var det godt og vel halvparten (pluss eller minus) som ikkje var meir enn ok. Desse ok kortfilmane var enten forvirrande utan Ã¥ gi inntrykk av Ã¥ skulle forvirre, tomme for kjensler utan Ã¥ skulle vere tomme, eller kortfilmar pÃ¥ middelmÃ¥dige historiar/handlingar som ser ut til Ã¥ ro seg i land pÃ¥ eit kjent namn bak eller framfor kamera. Desse mangla gjerne fingeravtrykk og framstÃ¥r som kortfilmar det ikkje er verdt Ã¥ nemne.

«Paris je t’aime» er ein fin kollaborasjon, men deler trekk det ned sÃ¥ eg aldri blir sittande med godkjensla lenge i gongen. Det eg mest av alt kunne tenke meg var ein «best of» pÃ¥ ca halvparten av tida, problemet i sÃ¥ fall hadde vore at andre som ser filmen nok har andre favorittar blant kortfilmane og ser andre verdiar i samanhengen mellom desse.

6/10

About Schmidt (2002)

IMDb: 7.3/10 (32,765 votes)

About SchmidtJack Nicholson er 69 år gammal, noko som med enkel rekning blir 65 då denne filmen blei utgitt. Perfekt for rollen som nypensjonerte, 66 år gamle, Warren Schmidt. Ein mann som etter å misse kona ikkje heilt kva han skal gjere med livet sitt.

Eg synst dette blir for langt. Jack Nicholson er aldri meir enn seg sjølv, noko som er artig, men sjølve filmen blir for slapp. Den unngår det som blir forventa av ein slik film. Ser ein på mannen bak filmen, Alexander Payne, som i ettertid har laga «Sideways», så er det ikkje overraskande at filmen utspelar seg som den er. «Sideways» er ein dramakomedie som absolutt har djubde, og det har «About Schmidt». Det morosame med filmen ligg ikkje i handling, men i folka bak handlinga. Men den gir aldri nokon god grunn til å få meg involvert.

Ingen dårleg film, men den treff ikkje meg skikkeleg.

7/10

Sideways (2004)

IMDb: 8.1/10 (7,060 votes)

SidewaysFør eg såg denne filmen hadde eg ingen aning om kva eg gjekk i gong med. Ein film om vin, og eg som ikkje likar vin heller! Om smaking og drikking. Men så, om kvinner, det er betre saker! Humoren er av den varme fine typen, musikken med soft jazz passar perfekt.

Jack (Thomas Haden Church) er det det komplett forskjellig frå vennen sin, Miles (Paul Giamatti), [lurar på korleis dei møttes] Når eg ser Miles her, kan eg ikkje unngå å tenke på karakteren Harvey Pekar frå filmen «American Splendor», mest fordi det er den same skodespelaren sikkert, men også fordi det er tragikomiske figurar begge to.

9/10