22 episodar.
«Smallville» har forandra seg. Frå å vere ein serie om overnaturlege fenomen og problemfyllt ungdomskjærleik har folk etterkvart vakse opp til å bli vaksne folk her, «Smallville» har blitt stor. Det skjer framleis overnaturlege saker og ting, men folket har starta på college, og verden har blitt større på skjermen. Det er ikkje berre småproblem som susar rundt Clark lengre, det heile har blitt ein del hakk meir seriøst. Sesong 4 viste ein del tendensar mot denne utviklinga, og eg er glad det har blitt slik. Av det eg kan hugse frå tidlegare sesongar, så må eg sei nokon av dei beste episodane har vore å funne i denne.
Det er hovudsakleg ei historie som står sterkt gjennom sesongen, og det blir briljant veksla mellom den, mindre trådar, og dei enkle ein-episoders hendingane. Når det blir for mykje av berre ei historie, som bygger seg opp til eit høgt dramatisk nivå, så pleier det å bli ein bølgedal etterpå, og måten det har blitt veksla på i denne sesongen, og serien generelt, har gjort at ein ikkje får dei største bølgedalane. Men eg skal ikkje avfeie at enkelte episodar ikkje er betre enn andre, for det vil vere absolutt feil å sei.
Sesongfinalen er i ein klasse for seg sjølv, som den har pleidd å vere i denne serien. Stappfull med action, drama og spesialeffektar, slutta det som vanleg med «To be continued». Likevel om førre sesongavslutning etter min smak var betre, så kan ein framleis håpe at det vil ta ei stund ut i neste sesong før problema løyser seg. For er det noko som irriterar meg, så er det når problem frå dei siste episodane i ein sesong blir løyst opp i på 1-2-3 i neste. Så som med «Veronic Mars» season 2, så er eg overbevist om at det kunne ha vore hakket betre, for her hadde eg forventa litt meir. Men det er ikkje anna å gjere enn å vente dei 4,5 månadane til sesong 6 kjem. I mellomtiden får det halde med sesong 3 av «Lois & Clark: The New Adventures of Superman» på DVD.