Posts Tagged ‘Alfred Hitchcock’

Rope (1948)

tirsdag, mars 25th, 2008

IMDb: 8.1/10 (26,078 votes)

Rope«Rope» er kanskje mest kjent for sitt inntrykk av å vere ei einaste lang tagning, den observante vil legge merke til overgongane, men kan ikkje nekte for at det er imponerande filming og speling. Akkurat som å sjå teater på film, men for min del imponerar det ekstra då både det tekniske som kameraføring og lys må vere klart og skodespelarane må stå klar for nærbilde, og måten kamera er planlagt til å fange opp det viktigaste. Alfred Hitchcock har hatt med dyktige folk å gjere, Jimmy kjem seint inn i bilde etter me gjennom dei andre tilstadeverande har fått danna oss eit godt inntrykk av personen rollefiguren hans er, eit inntrykk han lev godt opp til. Sånn elles er dette ein snakkefilm av typen eg set pris på, men den mangla litt spiss. I små periodar er det lite engasjerande, og ingenting overgår sjølve ideen. I forhold til forventingane var det ein liten skuffelse, men filmen er framleis god.

7/10

Shadow of a Doubt (1943)

lørdag, februar 2nd, 2008

IMDb: 8.2/10 (17,985 votes)

Shadow of a DoubtHitchcock skuffar sjeldan, «Shadow of a Doubt» hamnar litt nedpå lista mi i kamp mot dei andre filmane hans, men er utvilsomt ein god film. Familien Newton får besøk av favorittonkel Charlie, spesielt vesle Charlie (jente i dette tilfelle) ser opp til onkelen sin. Ho påstår dei har eit telepatisk bånd, nesten som to tvillingar. Men onkel Charlie har ei mørk side. Så gradvis at du aldri legg merke til det forandrast idyll til mareritt, filmen er fullspekka med detaljar som frampeikarar og byr på spenning så vel som gledesstunder. Naturleg nok er vesle Charlie prega av dette. Gjennomførelsen med utspekulerte kameravinklar og få ord om den faktiske handlinga gjer dette endå meir til ein sjåverdig film.

7/10

Strangers on a Train (1951)

søndag, desember 16th, 2007

IMDb: 8.3/10 (29,085 votes)

Strangers on a Trainer ein film der ein stor del av æra bør gå til Robert Walker, som tragisk nok gjekk bort same året som filmen blei lansert. Då karakteren hans, Bruno Anthony og Guy Haines (Farley Granger) møtes på toget dreiar samtalen deira seg etterkvart innpå mord; «det perfekte mord». Bruno får for seg at han kan drepe den utru kona til Guy, mens Guy kan drepe den slemme faren til Bruno, og at dei begge kan komme unna på mangel av motiv og sosiale relasjonar. Guy ler bort ideen, den psykotiske Bruno ser på dette som ein fastslått avtale. Det som følger er ein mordthriller av høg klasse der Robert Walker mest av alt imponerar som Bruno, ein karakter viss vekst på deg som person gjennom heile filmen og blir stadig skumlare. «Strangers on a Train» er nok ikkje min favoritt Hitchcock, men likevel verdt å sjå.

7/10

Rebecca (1940)

torsdag, juli 26th, 2007

IMDb: 8.4/10 (19,613 votes)

RebeccaEg stiller meg sjølv i ein mellomposisjon når det gjeld Alfred Hitchcock sin romantiske thriller frå 1940. Desto meir eg tenker over innhaldet, desto betre blir den. Men så er det småtinga som stadig held den tilbake.

På jobb/ferie i Sør-Frankrike møter ei ung og søt kvinne (Joan Fontaine) ein rik enkemann (Mr. de Winter, spelt av Laurence Olivier). Ho blir forelska og flyttar etter kvart med han heim til det britiske godset hans, men får etter kvart problem under presset til å leve opp etter det plettfrie ryktet frå forrige Mrs. de Winter.

På stemninga anar eg muffens heilt i frå første scene, noko er ikkje som det skal vere. Denne kjensla fulgte filmen og gav den ein småguffen undertone, positivt sett. Lenge blei det med undertonen. Innimellom var det minimalt med utvikling, noko som gjorde filmen småkjedeleg. Saman med mindre imponerande skodespel frå Laurence Olivier er det lengda som øydelegg for meg. Joan Fontaine derimot, nærast glødar på skjermen. Ei så søt og uskuldig jente/kvinne skal ein leite lenge etter. Kulissene er mektig imponerande, og mysteriet som utviklar seg rundt historia omkring Rebecca (den forrige Mrs. de Winter ) er i beste Hitchcockstil.

Så sett bort i frå at det er ein langtekkeleg opplevelse, så er det ein god ein.

6/10

Sabotage (1936)

torsdag, mai 3rd, 2007

IMDb: 7.2/10 (2,368 votes)

Sabotage«Sabotage er ein kort film av Alfred Hitchcock frå 1936. Med kort film meinar eg ikkje kortfilm, men rettar peikefingeren på det faktum at den er knappe 70 minuttar lang.

Det trengs ikkje meir tid heller til å fortelje historia som er grunnlag for filmen. Ein kinoeigar har ein finger med i spelet når byens kraftverk blir sabotert og stoppar å levere straum.

Angåande bruken av ordet sabotasje i filmen er det interessant å kople til dagens tolking av denne type handling. Aviser og tv ville kasta seg over saka og proppa overskrifter med terror og terrorisme.

Heldigvis kjem me unna terrorpratet i denne filmen. Her er motiva andre. Dei er kanskje litt for godt skjult, så filmen blir litt uklar. Den er på sett og vis god nok, men samanlikna med andre Hitchcockfilmar synst eg den blei tam. Og i denne samanhengen hadde eg vanskeleg for å tenke på anna enn at Hitchcock stod bak.

Det er altså grei underholdning dette, og sidan filmen er kort blir det ikkje særleg dautid. Grunnlaget for filmen er litt tynt, og det merkast etter kvart.

7/10

The 39 Steps (1935)

torsdag, april 26th, 2007

IMDb: 8.0/10 (11,953 votes)

The 39 StepsFrå lydfilmen sin ungdom kjem ein Alfred Hitchcock spionthriller satt til dei britiske øyer.

Richard Hannay (Robert Donat) er ute i kulturelt ærend når han møter ei etterfulgt ung kvinne. Slik blir han innblanda i ei spionsak og får både politi og ukjente fiendar i hælane når han prøver å komme seg unna.

«The 39 Steps» er ein spennande rømningsfilm av typen det har blitt laga altfor mange dårlege etterlikningar av ettertid (og nokre gode sjølvsagt). Den er kort og held tempoet høgt ved stadig forflytting geografisk sett, og introdusering av nye menneske. Dei 39 stega plottet er bygd rundt er tomme ord i starten, men filmen bygg seg godt opp, og etter kvart blir den meir innvikla og spennande.

Nysgjerrigheita rundt kva desse stega er var på plass heile vegen, men ikkje på det utålmodige «må vite» viset. Måten filmen blir presantert på er sjarmen ved «The 39 Steps». Humoristisk er den, og med mange indirekte småfrekke gesturar og dobbeltydige uttalelsar er det ein fryd å sjå dette frå ei tid då filmsensuren nok var strengar på seksualitet. Det kan jo óg diskuterast kor vidt dagens filmar går for langt på slikt, og kva det gjer med den filmatiske kvaliteten.

«The 39 Steps» hadde alt eg håpte på og litt til; spennande og velprodusert utan kjedeleg vissvass som er irrelevant for historien. Ingen halvtimeslange karakteroppbyggingar, men rett på sak og presentering av filmens rollar parallellt med handling.

7/10

Rear Window (1954)

torsdag, juni 8th, 2006

IMDb: 8.7/10 (52,163 votes)

Rear WindowPutt James Stewart i ein rullestol, med gips på beinet og utsikt mot bakgården, så har du ein klassikar. Oppskrifta er ganske enkel, men enkelt er bra. Vår mann i hovudrolla, L. B. Jefferies alias Jeff, har måtte sitje i ro i over 6 veker etter ei ulykke ved forsøk på å ta eit godt bilde. Og når ein kjedar seg i tillegg til at det er over 30 grader i skuggen, så kan små ting gjere ein paranoid, iallfall blir Jeff mistenksom når kona til naboen tvers over bakgården plutseleg forsvinn, og mannen i leiligheita går fram og tilbake og oppfører seg rart.

I det siste har eg fora meg sjølv med ein del gode filmar, og «Rear Window» er ingen unntak. Det er ein av dei filmane eg lenge har sett fram til, og eg var ikkje skuffa med tanke på store forventingar. Eg trur eg gir meg med dette sagt, og viser til reviews på IMDb eller Amazon for god lesning.

7/10

Vertigo (1958)

tirsdag, mai 23rd, 2006

IMDb: 8.5/10 (42,155 votes)

VertigoEg hadde forventa fleire høgder, men er likevel ikkje skuffa over filmen. Det var ei fin oppleving, litt uvant tempo med tanke på dagens filmar, men ikkje kjedeleg. Historien er spesiell nok til å få ein til å tenke innimellom, og av og til nesten litt småekkel. Ikkje på grunn av høgdane, men på grunn av enkelte av personane i nokon rare situasjonar. Som det med bilde i galleriet, det minna meg om eit bilde eg såg i Brødrene Dal når eg var yngre. Filmen er også spennande, spesielt i scenene der Scottie følger etter Madeleine. Det er så enkelt, og så rart ho aldri ser han i dei openlyse etterfølgingane, men likevel spennande. Også er det kamera, filmen er ein fryd å sjå på, og bilde her har også fått ei god oppussing, noko som sikkert kom godt med, når filmen er neste 50 år gammal.

6/10

Notorious (1946)

søndag, februar 19th, 2006

IMDb: 8.3/10 (12,804 votes)

NotoriousEtter ein eviglang første time tok filmen endeleg av, og tok om ikkje akkurat lufta ut av meg, spennande nok. Eg vil likevel ikkje foreslå denne som underhalding tross klassikarstatusen.

6/10