Filmdagbok
ness
29-aug-2006

European Vacation (1985)

European VacationUser Rating: 5.5/10 (7,985 votes)

Eg hadde håpt at ved å gå tilbake 20 år og sjå ein av dei tidlegare National Lampoon filmane, så ville eg få litt meir kvalitet. Slik gjekk det ikkje. «European Vacation» er av dei meir kjedelege i ’serien’ eg har sett. Naturlegvis burde eg ha starta med «Vacation», men det er eingong slik at ein ser det ein har.

For dei som er kjent med «Vacation», og kanskje også «Christmas Vacation», som begge har fått betydeleg betre rating på IMDb, så handlar også «European Vacation» om familien Griswold på tur. Denne gongen har dei vunne ei reise til London, Paris, ein plass i Tyskland og Roma. I to veker skal dei farte rundt blant ny kultur og ukjente språk.

Humoren er litt i same retning som nyare National Lampoon, med rot og tull, krydra med topplause damer og litt fyll. Men det er tross alt ein familie på tur, så det blir ikkje så villt som i «Van Wilder» eller «Dorm Daze 2», og difor litt kjedeleg. I desse filmane er det mest den rå humoren som trekk opp. «European Vacation» legg seg litt for nært familiefilmsjangeren. Når den kom i 1985 vart den rate PG-13, men ville med sin nakenheit og bannskap blitt Rated R per i dag.

Noko her er sjølvsagt litt artig, som å sjå Mel Smith (frå «Rocking Around …» musikkvideoen) spele feit og lat moteltilsett. Høyre ein fransk kelner snakke dritt om familien Griswold, og nokre få andre småting. Det meste blir for enkelt og banalt, og Chevy Chase er ikkje spesielt morsom her, heller slitsom. Eg må få sett «Vacation» eller «Christmas Vacation», i håp om at dei vil vege opp for denne.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
25-jul-2006

Fast Times at Ridgemont High (1982)

Fast Times at Ridgemont HighUser Rating: 7.1/10 (13,539 votes)

Litt ut i filmen kjente eg igjen så mykje av handlinga at eg visste eg måtte ha sett filmen før, men det gjorde ingenting å sjå den igjen. «Fast Times at Ridgemont High» kjem i same sjanger som andre 1980-tals high school komediar eg har sett pris på, på lik linje med John Hughes’ High School Reunion Collection filmar, og då spesielt «The Breakfast Club».

Sean Penn er her noko av den styggaste eg har sett på film på ei stund, men heldigvis er både Phoebe Cates og Jennifer Jason Leigh her i massevis. Dessutan var det artig å sjå Judge Reinhold her berre få dagar etter han dukka opp i «Seinfeld» som ‘Aaron, the close talker’.

Når det kjem til denne type film så set eg ikkje så høge krav til anna enn dum og flau tenåringsforelskelse. Det er noko med det å sjå folk dumme seg ut, men at dei likevel klarar seg så bra. Her er det Mark (Brian Backer) som er den dumme, men heldige usikre fyren. I «Sixteen Candles» og «Weird Science» var det Anthony Michael Hall. Ein 1980-tals high school komedie utan denne type rollefigur er ikkje heilt det same.

Så gjenstår det å sjå om eg finn fram filmen igjen om nokre år, trur det er ein av dei titlane eg lenge har venta på å få sett, for så å finne ut etter å ha satt i gang filmen at den allereie er det. Det skulle ikkje vere meg i mot!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10