Pettson och Findus 3: Tomtemaskinen (2005)
User Rating: 6.3/10 (22 votes)
«Gubben og katten» på nye eventyr. Katten ønsker seg besøk av nissen til jul, og Gubben må stå på for å finne opp ei nissemaskin så katten ikkje blir skuffa. Historia er ikkje grunn nok å sjå filmen, det er teikningar med eit godt detaljnivå og ei sprøheit som gjer dette til god underhaldning tilogmed for vaksne. Heilt sikker på det er eg derimot ikkje, for sjølv har eg eit forhold til «Gubben og katten» sidan barndommen.
Tidlegare har det komme 2 «Gubben og katten »filmar, og den første er nok fortsatt favoritten min med historia om pannekakerøra. Uansett er det jul, og «Tomtemaskinen» passar som fot i hose, samtidig som den er sesongens første julefilm, noko den scorar litt ekstra på.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

(0 hittil)